HjemNyheterNo kan du få SMS- og talevarsel frå kommunen

No kan du få SMS- og talevarsel frå kommunen

Døme på SMS-varselDet vil bli sendt ut slike meldingar ved brot på vassleidningen, eller tilsvarande hendingar der det er viktig å nå raskt ut til mange. Meldingsutsendinga er adressebestemt, på det sett at ein definerer kva område som skal få melding.

SMS- og talevarsel vert nytta i kombinasjon med meldingar på kommunen si heimeside www.austrheim.kommune.no, og kommunen si eiga side på Facebook.

Nummera i databasen er henta frå Folkeregisteret. Austrheim kommune har etter godkjenning frå Direktoratet for forvaltning og IKT fått tilgang også til nummer frå kontakt- og reservasjonsregisteret.

For dei som berre har registrert fasttelefon, vert det ringt opp og spelt av ei talemelding. Det vert ringt fleire gonger dersom mottakar ikkje høyrer gjennom meldinga første gong. For bedrifter som har fasttelefon, og der denne går rett til ein tastemeny, bør ein registrera mobilnummer.


Sist oppdatert: 18.12.2020
Publisert: 06.09.2019