HeimNyheterNo får Austrheim beviset på miljøsatsinga

No får Austrheim beviset på miljøsatsinga

– Austrheim kommune skal sjølvsagt gjera sitt for at Norge skal nå sine klimamål i 2030 og 2050. Det er ein av grunnane til at kommunen no har starta prosessen med å bli sertifisert som Miljøfyrtårn, seier ordførar Per Lerøy.

I samband med kommunestyremøtet torsdag 17. februar vert det utdeling av det synlege beviset på at miljøarbeidet er i gang, og at kommunehuset er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Alver-ordførar Sara Sekkingstad tek turen til nabokommunen for å dela ut miljø-diplom, i samband med kommunestyremøtet. Eigentleg skulle det gjerast i desember, men det sette Korona ein stoppar for.

Skular og barnehagar neste

Miljøsatsinga har grunnlag i eit kommunestyrevedtak i 2019. Mellom anna sa politikarane at nye kjøretøy skal vera el-bilar, og sidan har fleire utskiftingsklare kjøretøy blitt erstatta av bilar med kontakt i staden for tank.

Men miljøsatsinga går mykje lengre enn det, det handlar om alt frå avfallshandtering til kor mykje energi ein brukar til oppvarming.

– Me må gjera dei kommunale bygga våre meir energieffektive. Her vil me både satsa på nye fornybare energikjelder og på redusert energiforbruk. Dette vil redusera fyringsutgiftene våre og det kommunale klimaavtrykket, seier ordførar Lerøy.

– Kommunehuset er først ute, men barnehagane, skulane, pleieheimen og andre kommunale verksemder skal snart følgja etter som perler på ei snor. 

Kjøpa mindre, og resirkulera meir

Eit raskt miljøtiltak er å gå gjennom innkjøpa sine for å sjå om det er mogleg å redusera forbruket. Må ein skriva ut papira, eller kan ein halda det elektronisk og redusera papiravfallet? 

Det som skal kastast, vert sortert på eigne små miljøstasjonar slik at plast, papir, restavfall og andre kan leverast for seg. Vidare følgjer kommuneadministrasjonen opp at leverandørane tar gode miljøval, jobbar for å redusera matsvinn, ser til at det vert brukt minst mogleg kjemikaliar i samband med reinhald, og meir til.

– Eg håpar at kommunen gjennom sine tiltak kan inspirera både våre tilsette og innbyggjarane i kommunen til å vera med på den store nasjonale dugnaden som må til for at landet vårt skal nå sine klimamål, seier Per Lerøy.

– Alle monnar dra, så her er det berre å gå i gang med friskt mot. Framtida er fornybar og grøn😊

Nasjonal ordning

I arbeidet med sertifiseringa har kommunen hatt hjelp av konsulentselskapet Emisoft. I tillegg er det brukt ein ekstern og uavhengig sertifisør, som har sjekka at dei ulike krava er oppfylte.

Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning, som er drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Stiftelsen blei oppretta i 2003, av sentrale organisasjonar i næringsliv og offentleg forvaltning. Klikk her for å lesa meir om Stiftelsen Miljøfyrtårn, på deira nettside (ekstern lenke).

Miljøfyrtårn-logoen

Kommunestyremøtet 17. februar er på Austrheim samfunnshus. Møtestart klokka 18.00, og innkallinga finn du på nettsida til kommunen (klikk her for å lesa).


Sist oppdatert: 11.02.2022
Publisert: 11.02.2022