HjemNyheterNo er ladestolpane ved torget klare

No er ladestolpane ved torget klare

Denne veka kom klistremerka på plass, og dei fire ladestolpane ved Mastrevik Torg er klare til bruk.
Publisert: 17.02.2023
Sist endra: 17.02.2023

Betalinga skjer via Charge365, og det er fleire måtar å ordna det på:

  • Lasta ned appen Charge365 og registrera deg.
  • Gå inn på https://portal.charge365.no og registrera deg der.
  • Betala lading med SMS.
  • Knytta ladebrikka di opp mot Charge365 (du kan også bestilla ladebrikke av dei).

Dette er stolpar for type 2-kabel, og kvart punkt har ein kapasitet på 22 KW. Per i dag er det oppgjeve ein pris på 2,50 kroner per kilowattime (kWh). På hurtigladestasjonen like ved kan du lada raskare (kapasitet 50 KW), men det kostar noko meir.

Ladestolpe ved Mastrevik Torg