HjemNyheterNGIR er digitale - kan varsla deg om når bossdunken blir tømt

NGIR er digitale - kan varsla deg om når bossdunken blir tømt

I Nordhordland og Gulen er det kommunane sitt eige selskap NGIR som står for henting av avfall, og drift av gjenbruksstasjonane. Kvar dag veka igjennom er bilane deira ute for å tømma dunkar med restavfall, matavfall eller med papir/papp.

Kanskje er du ein av dei som først blir overraska over at dunken ikkje er tømt, men så oppdagar at du har trilla bort den med blått lok (papir), medan naboane har sett fram dunken med svart lok (restavfall). Lastar du ned appen MiljøID til smarttelefonen din, kan du få beskjed kvar gong det skal hentast avfall av ein eller anna sort.

Gratis varsling

Varslinga som du aktiverer i appen er gratis, og du vel sjølv om du vil ha ei påminning same dag, eller dagen før, og til kva tidspunkt. Hugs at dunken skal vera på plass til klokka 07.00 på tømmedag.

Elles står det i hentekalenderen kva slags avfall som vert henta kva dagar inneverande og neste veke på di adresse. (Kalenderen tek ikkje høgde for sjeldan henting, dei med sjeldan henting må halda seg til eiga merking/informasjon).

Bruk app-en på gjenbruksstasjonen

Avfallshentinga i regi av NGIR, og drifta av gjenbruksstasjonane, er finansiert gjennom avgifta betalt av dei som bur i regionen. For å sikra at det ikkje kjem innbyggjarar i andre kommunar til gjenbruksstasjonane vart det for ei tid sidan innført kontroll, der ein måtte visa app-en eller NGIR-kort.

No er denne ordninga automatisert. Det er bom ved innkjøringane til gjenbruksstasjonane, og du må bruka MiljøID-appen eller NGIR-kortet for å komma inn og levera.

Les meir hjå NGIR.no, eksterne lenker: 

Om NGIR-kortet og MiljøID-appen, klikk her:

Om adgangsstyring med bom på gjenbruksstasjonane, klikk her:

Meir om bruken av MiljøID-appen og påminning for tømming, klikk her:

Tømmekalender MiljøID-app NGIR


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 17.12.2021