Nav Fensfjorden med økonomiopplæring til ungdommen

NAV Fensfjorden - Knut Torkilsen Horvei og Elise Kvamme AndersenUNDERVISER: Knut Torkilsen Horvei og Elise Kvamme Andersen har stått for undervisninga frå NAV Fensfjorden, til prosjektet «Ansvarleg ungdom». (Foto: NAV Fensfjorden)

– Det starta med at me såg at ungdommar utgjorde ein stor del av dei som søkte om økonomisk sosialhjelp. Og her låg det ein del gjeldssaker som kunne vore unngått, om ein hadde tatt grep tidleg, seier Nina Strømsnes, leiar for NAV Fensfjorden.

Nav Fensfjorden søkte om støtte frå Statsforvaltaren i Vestland for å jobba ekstra med denne problemstillinga, og fekk våren 2021 midlar til å starta opp.

– Med kursopplegget me har utvikla skal me bygga kunnskap hjå dei unge om personleg økonomi. Kva kostar til dømes ein mobiltelefon om du kjøper den kontant, eller om du går inn på ei ordning om å betala den over tid.

NAV Fensfjorden dekkar kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen.

10. klasse og VGS

– Me har starta med kursopplegget hjå VG 2 og VG3 på Austrheim vidaregåande, og vil utvida med yngre aldersklassar etter kvart. Opplegget kan vera særleg aktuelt for 10. klassingar som skal flytta på hybel når dei skal gå på vidaregåande skule, seier Strømsnes.

Kommunane har fått tilbod om å få økonomiundervisninga til elevane i 10. klasse, og i tillegg kan NAV Fensfjorden på sikt halda kurset andre stader der ungdom møtest.

– Om det er nokon skular eller andre som vil ha besøk av oss, er det berre å ta kontakt med NAV Fensfjorden.

Kan få konsekvensar

Om ein handlar på kreditt, eller tar eit forbrukslån, er det viktig å ha ein plan på korleis ein skal betala tilbake.

– I kursopplegget har me tatt med kva som skjer om du ikkje betaler, med purring og eventuelt inkasso, og at ein kan få betalingsmerknad.

Har du først fått ein betalingsmerknad, kan det gjera det vanskelegare å få lån seinare, om du til dømes skal kjøpa bil eller bustad.

– I kurset snakkar me også om sparing, budsjett, rekneskap, og om sløsing. På nett ligg det sløsekalkulatorar som reknar ut for deg kor mykje pengar det vert i veka, i månaden eller i året av ulikt forbruk. Slik kan du sjå den samla kostnaden er for den eine daglege energidrikken for dagen, kor mykje snusing kostar deg, og kor mykje det kostar om du kjøper lunsj kvar dag heller enn å ta med matpakke.

Gode tilbakemeldingar

– Me ser at foreldra sin økonomi påverkar ungdommane. Når foreldra til dømes ikkje har kunnskap om økonomi, lærer ikkje ungdommane dette heime, seier Strømsnes.

Det gjer kurset ekstra viktig.

Etter kvart kurs får ungdommane gje sine tilbakemeldingar, anonymt.

– Me har fått gode tilbakemeldingar frå elevane, både i undersøkingane og direkte til dei som har stått for kursa.

Fakta:
Det er fleire bankar som har Sløsekalkulator på nettsida si, der du kan få oversikt over kva forbruket ditt går til.

Sparebank 1 sin finn du på Sløsekalkulator | SpareBank 1 SR-Bank

Du kan ofte også henta dette ut av nett- eller mobilbanken din.

Nav Alver har laga eit digitalt økonomikurs som er mogleg å ta, det finn du på Alver kommune - Følg Ole - få tips som kan betre økonomien din


Sist oppdatert: 05.04.2022
Publisert: 05.04.2022