Nasjonal Korona-forskrift gjeld frå natt til måndag
Dei siste vekene har Austrheim vore del av eit område rundt Bergen med forsterka tiltak. Dette vart innført av Regjeringa etter at det særleg i Bergen, men også i Austrheim, var påvist tilfelle av mutert Korona-virus som smittar lettare.
No har både Bergen og omegnskommunane fått bra kontroll på smitten, gjennom testing, isolering, smittesporing og karantene. Difor har både Bergen og kommunane rundt ønskt å gå ut av perioden med forsterka tiltak.
Dette er dei nasjonale tiltaka som gjeld Austrheim frå og med måndag 22. februar (klikk her).
Så har Regjeringa også kunngjort at det kjem endringar i den nasjonale Korona-forskrifta, noko som skjer frå og med tysdag 23. februar. Det er i hovudsak lette på tiltak for barn, unge og studentar. Regjeringa varslar ei ny vurdering i midten av mars.
Dette er dei nasjonale tiltaka som gjeld Austrheim frå og med tysdag 23. februar (klikk her).
Så har Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim også tidlegare vedteke ei eiga Forskrift om smittevernfagleg drift på byggeplassar (klikk her for å lesa). Denne gjeld fram til og med 28. februar.