HeimNyheterNasjonal informasjon om Korona/Covid-19

Nasjonal informasjon om Korona/Covid-19

Corona/Covid-19: Information in English and other foreign languages

English: Preventing transmission is the most important step to slow down the infection rate and avoid widespread illness. Read More:

For other languages see this page at Folkehelseinstituttet:

Informasjon frå Nav til privatpersonar i samband med Korona/Covid19

Her finn du informasjon frå Nav om du er permittert, sjukemeldt med meir

Nasjonal informasjonstelefon for spørsmål om Korona-viruset

Det er oppretta ein nasjonal informasjonstelefon for spørsmål om Korona/Covid-19 på 815 55 015

Regjeringa si samleside med Korona-informasjon

Her er lenka til regjeringen.no

Folkehelseinstituttet si temaside om Koronavirus

Her finn du informasjon, nyhende, meldingar og dags- og vekesrapportar frå Folkehelseinstituttet om koronaviruset.

Råd for musikkøvingar/korøvingar

Her er Norsk Musikkråd og Musikkens Studieforbund sine råd for trygge øvingar.

Sjå også nettsida til Norsk Musikkråd, www.musikk.no/nmr/ 

Definisjonar av tilfelle og nærkontakt

Folkehelseinstituttet informerer om kva som skal reknast som mistenkt, sannsynleg og stadfesta tilfelle av covid-19, samt definisjon av nærkontaktar. Sist oppdatert 26. august.

Med mistenkt tilfelle av covid-19 er meint ein person som fyller dei følgjande kliniske kriteria: Akutt luftvegsinfeksjon og eitt eller fleire av følgjande symptom; feber, hoste, tungpusta, tap av smak- eller luktesans, eller vurdert av lege som mistenkt covid-19.

Sannsynleg covid-19 er den som er nærkontakt til stadfesta tilfelle av covid-19 som fyller dei kliniske kriteria på covid-19. Kategorien vert nytta når det ikkje er mogleg å testa, eller testsvaret er forseinka og det er stor sannsynlighet for smitte. Eit sannsynleg tilfelle bør isolerast tilsvarande eit stadfesta tilfelle. Husstandsmedlemmer og tilsvarande bør settast i karantene, men det er ikkje naudsynt med smitteoppsporing av andre nærkontaktar.

Stadfesta covid-19 vert brukt om personar som har fått påvist covid-19 ved PCR-test.

Nærkontaktar, frå 13.08.20 skal alle nærkontaktar i karantene. Med nærkontakt er meint personar som har hatt tett kontakt med ein person som er stadfesta sjuk covid-19, frå 48 timer før vedkommande fekk dei første symptoma (for asymptomatiske; frå 48 timer før prøvetaking), og til personen er avisolert.

For meir informasjon, særleg om nærkontaktar, sjå denne sida hjå Folkehelseinstituttet, www.fhi.no:

Utdanningsdirektoratet har laga ein eigen rettleiar for dei som jobbar i barnehage og skule, den finn du her på www.udir.no:

 

Tidlegare saker om Covid-19/Korona:

Utenriksdepartementet rår frå reiser til alle land (frå laurdag 14. mars)

Utenriksdepartementet rår frå reiser som ikke er strengt naudsynte, til alle land. Bakgrunnen er auken i spreiinga av koronaviruset internasjonalt, og den uføreseielege og vanskelege situasjonen som oppstår for mange reisande. Reiserådet gjeld i første omgang til 14. april.

Endringar frå Nav i samband med Korona/Covid-19

Her finn du informasjon fra Nav i samband med koronaviruset. 

Helsedirektoratet om Korona/Covid-19 - for helsepersonell

Informasjon til helsepersonell og andre profesjonelle aktørar

Helsedirektoratet om Korona/Covid-19 - for innbyggjarar 

Informasjon til befolkningen (helsenorge.no)

Film om Koronaviruset

Helsedirektoratet har laga ein film om Koronaviruset. Den er mest laga for barn og unge som har spørsmål om viruset, men er informativ også for vaksne. I filmen svarar Helen (lege i Helsedirektoratet) på spørsmåla frå Hermine på 13 år, og du finn den på YouTube på denne linken.

Folkehelseinstituttet sine råd: Korleis du snakkar med born om Korona

Folkehelseinstituttet har laga ei side med tips om korleis du kan snakka med born om Korona-viruset/Covid-19. Den sida finn du her.

Kyrkjelege handlingar i ei tid med Korona-smitte

Korona-viruset/Covid-19 påverkar også kyrkjelege handlingar som gudstenester, dåp, vigsel og gravferd. Les meir på nettsida til kyrkja i Austrheim, og på den nasjonale sida www.kirken.no


Sist oppdatert: 13.10.2020
Publisert: 14.03.2020