HjemNyheterMus og rotter – dette kan du gjera for å redusera problemet

Mus og rotter – dette kan du gjera for å redusera problemet

Kommunen har i vår fått fleire meldingar om rotter og mus, mellom anna frå Austrheimfeltet, Åråsfeltet, Mastrevik torg og området rundt Kystbarnehagen.
Publisert: 25.07.2024
Sist endra: 25.07.2024

Omfanget av mus og rotter går noko opp og ned utifrå tilgangen på mat, og kor mykje rovdyr dei har å bryna seg på. Men også me tobeinte kan gjera vårt for å få færre skadedyr, ved å redusera tilgangen dei har på mat og gøymeplassar.

Innsatsen må komma frå så mange som mogleg, slik at skadedyra berre kan gå til naboen om det er ein part som til dømes fjernar tilgangen til mat.

Kutt i tilgangen på mat

Rotter og mus er altetande, så å svelta dei heilt ut er vanskeleg. Men du og naboane dine, samt næringslivet og kommunen, kan gjera ei rekkje gode tiltak for å kutta i matfatet for desse skadedyra:

    • Ha tett dunk for boss, og passa på at det alltid er lok på.
    • Ha tett dunk dersom du komposterer heime, og ha lok på denne.
    • Fjerna alle typar mat som ligg tilgjengeleg på bakken, anten det er nedfallsfrukt frå plommetreet eller ein halv burger som nokon har kasta frå seg.
    • Om du skal mata fuglar, pass på at du ikkje legg ut meir mat enn det du ser fuglane et opp der og då. Restar som ligg igjen, er mat for mus og rotter.
    • Opne drikkekar som er sette ut til kjæledyr, kan også verta vatningsstasjon for rotter. Tenk på kvar du plasserer drikkekar.
    • Ikkje kast matrestar i vask, sluk eller toalett, det kan få rotter til å søka seg til avløpsrøyra, i tillegg til at det kan tetta røyra.
    • Har du eigne dyr, anten det er to kaninar eller fire høns, må du passa på at du fôrar desse og ikkje skadedyr.
    • Dette med dyrehald gjeld jo også gardbrukarar, men dei som driv med matproduksjon er jamt over merksame på utfordringane med skadedyr, og kraftfôret er uansett for dyrt til å dela med rottene.

Med felles innsats frå hushaldningane, bedrifter og kommunen er det mogleg å få ned tilgangen på mat og dermed bestanden.

Mangedoblar seg i ein fei

Husmus kan få 7-8 kull kvart år, med 4-16 ungar i kvart kull, rotter kan få 4-7 kull kvart år, vanlegvis med 8-12 ungar per kull.

Det er difor viktig at ein parallelt med å kutta i matfatet også reduserer moglege yngleplassar. Rundt husa er det viktig å halda graset nede, ikkje planta busker eller tre rett inn til veggen, og ikkje ha haugar med hageavfall i hagen der gnagarane kan laga seg plassar/bol.

Unngå besøk innandørs

I tillegg er det viktig å gjera tiltak for å tetta opningar der gnagarane kan komma seg inn i huset ditt.

Når det etter kvart blir kaldare kan gnagarar prøva å flytta innomhus. Ei rotte kan klemma seg gjennom ein opning på så lite som 12 millimeter diameter, så sjekk kabelgjennomføringar, ventilar og vindauge. 

Sjekk også over bakkenivå, sidan rottene kan klatra opp i tre og buskar og så ta seg inn i huset via greiner som heng over.

Bruk av feller og gift

Skal du bruka rottefeller må du ofte setja ut fleire feller, sidan rotter er skeptiske til ny mat og ting som er plasserte der dei trafikkerer. Bruk også feller oppe i tre og buskas der rottene kan klatra.

Når det gjeld åtestasjonar med gift er det berre varianten mot mus som er lov å bruka for private, og då berre plassert innandørs.

Giftprodukt meint for rotter kan berre brukast av skadedyrsfirma med godkjenning for denne typen arbeid.

Les meir om brunrotter (Rattus norvegicus) på nettsida til Folkehelseinstituttet (www.fhi.no)