HjemNyheterMongstad kan få hydrogenfabrikk til ein milliard

Mongstad kan få hydrogenfabrikk til ein milliard

Bergens Tidende/E24 (link til abonnementssak) skreiv i helga om dei nye milliardplanane, som kan gje næringslivet kring Mongstad og i regionen elles eit nytt bein å stå på. Planane omfattar ein fabrikk til rundt ein milliard kroner, som skal produsera flytande hydrogen, samt to nye skip som skal drivast med hydrogen. Dei to skipa er kostnadsrekna til rundt 700 millionar kroner, så totalt er det tale om ei investering på over 1,7 milliardar kroner.

Bjørn Sundland, som er forretningsutviklar i BKK, seier til Bergens Tidende at plasseringa på Mongstad vann fram i konkurranse med andre på grunn av nærleiken til brukarane av hydrogen langs kysten, og fordi Equinors industrianlegg på Mongstad opnar interessante høve for vidare utvikling.

Sundland er prosjektleiar for hydrogenprosjektet, som er eit samarbeid i ei industrigruppe med Equinor, franske Air Liquide og BKK som sentrale krefter.

300 årsverk i anleggsperioden

I anleggsperioden vil fabrikkanlegget krevja 300 årsverk, i ein treårsperiode. Når fabrikken er i drift, vil den sysselsetja rundt 15 personar. Dei som står bak planane ventar no på svar frå statlege Enova om støtte.

Produktet blir altså flytande hydrogen, som inneheld rundt fire gonger så mykje energi som hydrogen under trykk i gassform. Flytande hydrogen er veleigna som drivstoff til ulike kategoriar av skipsfart langs kysten, der hydrogenet blir omdanna til elektrisk kraft i brenselceller.

Ny rute Bergen - Stavanger

Som ein del av satsinga på Mongstad, vil reiarlaget Wilhelmsen byggja to lasteskip, som begge skal bruka hydrogen som drivstoff.

Skipa vil få ein kapasitet som svarar til 60 vogntog i døgeret. Målet er å få 20.000 av dei over 100.000 vogntoga, som årleg rullar mellom dei to byområda, over på sjøtransport.

– Skipa blir ein ny standard, dei får utsleppsfri rekkevidd på 700 kilometer, seier Steinar Madsen til Bergens Tidende.

Han er prosjektleiar for skipsprosjektet.

Deltakarar i hydrogensatsinga på Mongstad

- Equinor
- BKK
- Air Liquide
- Reiarlaga Norled og Viking Ocean Cruises, som begge har planar om å bruka hydrogen på sine fartøy.
- Forsyningsselskapet NorSea Group.
- Den maritime klyngja NCE Maritime CleanTech.
- Forskingsinstituttet NORCE.


Sist oppdatert: 12.05.2020
Publisert: 12.05.2020