Misfarga vatn - tapp kaldt til det er reint
Ein innbyggjar på Toftegård har sendt kommunen dette bildet av vatn tappa tysdag morgon. Det er ikkje noko arbeid på gang i regi av kommunen som kan forklara misfarginga.
Publisert:
14.05.2024
Sist endra:
14.05.2024
Har du misfarga vatn i krana må du tappa kaldt vatn, i den krana som er nærast vassinntaket til huset, og sjå om det hjelper etter litt tid.
Farginga av vatnet kan skuldast at avleiringar inne i leidningane løsnar og fargar vatnet.