HjemNyheterMinner om vaksinering - ta høgde for venting

Minner om vaksinering - ta høgde for venting

Begge dagar er det vaksinering frå 16.30 til 18.30. Frå tidlegare år veit me at mange kjem i god tid, og før det opnar. Kom heller innom hallen litt ut i opningstida:

Skal du ha sprøyte mot virus og snott?
Gler du deg til stikk, og plaster med dott?

Då kjem du i hallen for å få deg vaksine:
Der får du medisinen, rett i armane dine.

Men! Det er først 16.30 at dei låser opp:
Kjem du klokka 16.00, så er det full stopp.

Det er lov å venta ute, i regnver og blest:
Men sjølv så er det inne, at eg ventar best.

Så vent heller heime, til klokka lir på:
Då slepp du å ute, i vaksinekøen stå.

Kjem alle ved opninga, så blir det fort rot:
Det kan bli kø og akkedering, kaos og knot.

Men ein ting må du hugsa, tidleg eller sein:
Å ha godt humør, det kan gje varige mein.

Les meir om vaksineringa i denne artikkelen (klikk her):


Sist oppdatert: 22.10.2024
Publisert: 22.10.2024