HeimNyheterMindre planendring til Detaljregulering for Hyttefelt H06 Bergsvik, planid. 2006003 - Offentleg ettersyn

Mindre planendring til Detaljregulering for Hyttefelt H06 Bergsvik, planid. 2006003 - Offentleg ettersyn

Vedtaket er slik:

Formannskapet legg forslaget til ei mindre planendring til Detaljregulering for Hyttefelt H06 Bergsvik, planid. 2006003 ut på offentleg ettersyn. Nytt plankart er datert den 22.10.2020 og føresegn § 3.1 er endra som vist i saksutgreiinga med raud farge. Grunngjevinga er gjeve i saksutgreiinga. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova § 12-14.

Planendringa gjeld i hovudsak bygging av små boder, avkøyring til hytter vist på plankart og endra takvinkel/takform på fire hyttetomtar. Du kan lesa om planendringa her i innsynordninga hjå kommunen, klikk her.

Merknadar til den mindre planendringa som no er på offentleg ettersyn må sendast til Austrheim kommune innan 6. april 2021.

Adresse er:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Rådmannen


Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 11.02.2021