Mindre planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001

Austrheim kommune gjorde  i handsaming av ein klage vedtak den 18.03.2021, sak FS-033/21, om at ein tok tatt klagen frå fire grunneigarar på gbnr. 156 ved Finnsvågen delvis til følgje.

Vedtaket var: Formannskapet tek klagen til følgje når det gjeld uforming av arealformål  G 3. Planområdet i arealformål G 3 vert redusert som vist i saksutgreiinga.

Arealformål G 3 vart redusert og tilpassa den opphavelege reguleringsplanen frå 1996. Planen er som følgje av dette vedtaket er difor delvis endra i samsvar med pbl. § 12-14 og vert rekna som ei mindre planendring.  Den mindre planendringa er eit nytt enkeltvedtak med klagerett. Det er difor høve til å klage på denne planendringa som gjeld reduksjon av arealformål  G 3 i planendringa. Klagefrist for partar i denne sak er tre veker, jf. forvaltningslova § 29. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 21. september 2021 til adresse: Austrheim kommune Sætremarka 2 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Kommunedirektøren

Her finn du sakspapira frå møtet 18. mars: 

Sak 032/21 - 21/1078 - Klage frå Helga Pedersen på Godkjenning av planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001

Sak 033/21 - 21/849 - Klage frå Stein Kåre Løvslett m.fl. på Godkjenning av planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001

Sak 034/21 - 21/1035 - Klage frå Aleksander Frede Midtun på Godkjenning av planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001


Sist oppdatert: 09.08.2021
Publisert: 09.08.2021