HjemNyheterMange tar turen til Vardetangen

Mange tar turen til Vardetangen

Vardetangen

Turstien til Vardetangen er populær, og det er ikkje rart sidan dette både er ein flott sti og eit flott turområde. 

Austrheim kommune har sett opp eit teljeapparat som viser tal passeringar på eit punkt på turstien, og der er det registrert 20.442 turgåarar i perioden 1. april til 21. juli 2019.

Om desse har gått forbi teljepunktet begge vegar betyr det minst 10.221 besøk til Norges vestlegaste fastlandspunkt desse månadene. Teljaren er slik plassert at den tek med dei som brukar stien frå hurtigbåtstoppen ved Vardetangen, og dei som går frå Årvika.

Langfredag er den dagen i 2019 med flest registrerte passeringar, med 555 forbi målepunktet. Elles er det søndagane som er dei mest populære, og no sist søndag 21. juli er det registrert 345 passeringar trass i at vêret var temmeleg vått.

På vekedagane er passeringane ganske jamt fordelte mellom klokka 12.00 og 20.00, medan det i helgene er ein markant topp kring klokka 13.00.

Har du ikkje vore på Vardetangen enno, er det berre å ta turen. Du kan lesa meir om plassen og turen her.

Etter turen kan du kjøpa deg Vardetangen-sertifikat på Servicekontoret på kommunehuset, og me har også T-skjorter med Vardetangen-motiv.

Treng du turkart? Her på Servicekontoret kan me hjelpa deg med det også.


Sist oppdatert: 23.07.2019
Publisert: 23.07.2019