HjemNyheterMange innspel til trafikksikringsplanen

Mange innspel til trafikksikringsplanen

Når trafikksikringsplanen er ferdig revidert, seier den kva prosjekt politikarane i Austrheim ønskjer å prioritera øvst, i arbeidet med å gjera det tryggare for fotgjengarar, syklistar og bilistar.

Mellom dei siste prosjekta som er ferdigstilte er fortau ved Kaland skule, og veglys frå Mastrevik og langs fylkesveg 565 til brua over til Ulvøy. 

No vert det mellom anna jobba med ei fortausløysing mellom Nordliheimen og Seniorsenteret. Dette skal gjera det mogleg å nytta overgangen ved Nordliheimen, og så gå trygt på fortau til Seniorsenteret, anten det er til øvingstime hjå kulturskulen eller eit seniortreff.

Til dette prosjektet kjem det støtte frå Vestland fylkeskommune, etter at politikarane i Trafikktryggingsutvalet vedtok si tildelingsliste for 2021. Vedtaket seier at det skal brukast 200.000 kroner på gang/sykkelveg langs Fv.565 Mastrevik v/ sjukeheim og kulturskule/seniorsenter. Etter retningslinene er det krav om minimum 50 prosent kommunal eigendel for denne typen prosjekt, slik at også Austrheim kommune må inn med midlar.

Når fylket tildeler midlar er det eit krav at kommunane skal ha oppdatert trafikktryggingsplan, slik at arbeidet med å revidera planen er særs viktig. 

Du kan finna innspela som er sendt inn til planen her på heimesida (klikk her og sjå nedst på sida du kjem til):


Sist oppdatert: 13.04.2021
Publisert: 13.04.2021