HjemNyheterMange barn treng fosterheim - inviterer til informasjonsmøte

Mange barn treng fosterheim - inviterer til informasjonsmøte

Per i dag er det kring 50 barn i Bergen og omegn som treng ein ny, trygg heim. Om du har tankar om at dette kan vera noko for deg og din familie, er du velkommen til å delta på eit digitalt informasjonsmøte tysdag 18. april klokka 20:00. For meir informasjon og påmelding klikk på denne lenka (påmelding minst fem timar før møtet) (ekstern lenke)

På møtet vil du få vita meir om kva det inneber å vera fosterheim, og kva barn det typisk er tale om. Det vert høve til å stilla spørsmål. Møtet tar om lag ein time.

Fosterhjemstjenesten i Bergen, som er ein del av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), har digitale møte om lag ein gong i månaden. For meir informasjon om møta, og skjema for påmelding, klikk på denne lenka (ekstern lenke)


Sist oppdatert: 04.04.2023
Publisert: 04.04.2023