HeimNyheterMå venta på Vardebrua

Må venta på Vardebrua

Vardebrua, illustrasjon Statens Vegvesen

Statens vegvesen varslar ei utsetting for Vardebrua, gangbrua som skal gå over fylkesveg 565 og binda saman Fonnes og Kaland. Eigentleg var det planen at denne skulle stå klar i mars 2020, men no vert det no over sommaren før gangbrua er på plass. 

– Arbeidet med å få lyst ut brua som ein eigen entreprise har tatt lengre tid enn forventa, då brua må konseptgodkjennast i Vegdirektoratet før den kan lysast ut, forklarer Inge-André Håkull i Statens vegvesen.

Ein annan ting som forseinkar arbeidet er flyttinga av oppgåver frå Statens vegvesen til fylkeskommunane, i dette tilfellet til Vestland som er eit heilt nytt fylke. 

– Det er store omorganiseringer på gang, og brua skal lysast ut i systema til eit fylke som ikkje har bemanninga på plass. Dermed tar det litt tid.

Men om brua må venta så er arbeidet i gang med klargjeringa, mellom anna med å forlenga eksisterande gang- og sykkelvegar til brufesta på begge sider av vegen. Dette arbeidet er planlagt ferdig våren 2020.

– Går alt etter planen no framover, så vert brua lyst ut før nyttår, og er på plass i september 2020, forklarer Håkull i ei melding til kommunen. 


Sist oppdatert: 13.12.2019
Publisert: 13.12.2019