HjemNyheterMonika Kvamme tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg

Monika Kvamme tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg

Per Lerøy, Monika Kvamme, Liv Løvvik
BLOMAR: Her blir Monika Kvamme gratulert med blomar av ordførar Per Lerøy og rådmann Liv Løvvik.

Kvamme er den første som er tilsett i den nye administrative organisasjonen i Austrheim kommune. Ho rykker opp frå jobben som pleie- og omsorgsleiar, til å bli kommunalsjef for helse og omsorg.

– I Austrheim skal me snu oss fort når folk treng hjelp. Det er lettare å få til i ein liten kommune som vår, der me er tett på brukarane, seier Kvamme.

– Kvamme har som pleie- og omsorgsleiar vist at ho kan dette med å levera effektive og gode tenester, seier rådmann Liv Løvvik.

Ny organisering 

Austrheim kommune er inne i ein prosess der organisasjonen skal delast i fire område med kvar sin kommunalsjef, og desse fire utgjer så leiargruppa saman med rådmannen. I tillegg til stillinga som Kvamme har fått, skal det tilsettast kommunalsjef for Oppvekst og kultur, kommunalsjef for Forvaltning og service, og Økonomi- og personalsjef.

Det vert ingen nye stillingsheimlar i administrasjonen i samband med den nye organiseringa. Stillinga som assisterande rådmann går ut, og det vert nytta stillingsheimlar som er ledige eller blir ledige. 

Ei tilsetting er altså gjort, dei tre andre jobbane er utlyste.

Skryt til dei tilsette

– Her i Austrheim har me veldig flinke tilsette, som er hyggelege, kreative og løysingsorienterte, seier Kvamme.

Arbeidet med å løfta dei tilsette vidare vert viktig for dei nye kommunalsjefen.

– Dei tilsette må få fagleg påfyll, for å auka kompetansen sin.

Radværingen Kvamme (54) har jobba i Austrheim kommune sidan 2005. Før det jobba ho i Bergen kommune og på Haraldsplass diakonale sjukehus, og i Radøy kommune.

Stort ansvarsområde

Som kommunalsjef for helse og omsorg får Kvamme ansvar for den største gruppa tilsette i kommunen. I tillegg til sjukeheim og heimeteneste er dette rusarbeidet, fysioterapeut, ergoterapeut, jordmor og legetenestene, psykisk helse med mellom anna helsesjukepleiar, samt arbeidet innan støttekontakttilbodet, avlasting og Austrheim arbeidssenter.

– Me har eigentleg ansvar for innbyggjarane frå vogge til grav, seier ho.

Austrheim kommune har jobba ei tid med å få på plass ny psykolog, utan å lukkast. 

– No jobbar me med å rekruttera psykolog i eit samarbeid med andre kommunar.

Framleis sjukepleiar 

Kvamme er utdanna sjukepleiar, og har i tillegg ei administrativ utdanning innan helse- og sosialadministrasjon. Ho har vidareutdanna seg innan palliasjon, rettleiing, arbeids- og organisasjonspsykologi, motivasjonspsykologi, og rettleiing av frivillige, avlastarar og støttekontaktar. No tek Kvamme vidareutdanning innan avansert gerontologi, og når det er fullført får ho yrkestittelen spesialsjukepleiar innan geriatri. 

Sjølv med ulike leiarstillingar dei siste åra er ho framleis i kontakt med brukarane.

– Eg hadde seinast i sommar ei helgevakt på Nordliheimen, seier Monika Kvamme.

Link til utlysinga av dei tre andre kommunalsjefjobbane finn du her.


Sist oppdatert: 09.10.2019
Publisert: 09.10.2019