HeimNyheterLyser ut legestilling - og Kommunalsjef oppvekst og kultur

Lyser ut legestilling - og Kommunalsjef oppvekst og kultur

Austrheim legekontor har 3 fastlegeheimlar og har tilknytt 3 turnuslegar. Her er det ledig 100% stilling som allmennlege i spesialisering, oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver er mellom anna ansvar for eiga pasientliste (for tida om lag 1000 pasientar) og gjensidig fråværsdekning. Felles ansvar for legevakt på dagtid, og deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus.

For heile utlysinga og søknadsskjema sjå kommunen si heimeside, klikk her:

Det er også ledig jobb som kommunalsjef oppvekst og kultur, etter at den som hadde stillinga har fått jobben som rådmann. Arbeidsoppgåver er mellom anna fagleg, økonomisk og administrativ leiing av tenesteområdet, styring, samordning, utvikling og effektiv drift av tenesteområdet, og oppfølging og iverksetjing av politiske vedtak.

For heile utlysinga og søknadsskjema sjå kommunen si heimeside, klikk her:


Sist oppdatert: 30.07.2021
Publisert: 30.07.2021