HeimNyheterLynnedslag på idrettsparken

Lynnedslag på idrettsparken

Lynet slo ned i ei av lysmastene på Austrheim idrettspark tysdag kveld, og slo ut straumen i større deler av anlegget.
Onsdag føremiddag er status at lyset er tilbake i idrettshallen, som er klar for bruk igjen. Klubbhuset ved fotball- og løpebana er framleis utan lys, men dette kjem nok tilbake i løpet av dagen.

Det som kan ta lengre tid er å få lys i lysmastene, litt avhengig av kva deler som må skiftast etter lynnedslaget.

Det er også skader på anlegget som styrer varmen i idrettshallen, og på Nordliheimen har nedslaget gitt skader mellom anna på varmestyringa og brannvarslingsanlegget. Det vert jobba med å retta feilane.


Sist oppdatert: 15.01.2020
Publisert: 15.01.2020