HeimNyheterLettar litt på korona-tiltaka frå 16. april

Lettar litt på korona-tiltaka frå 16. april

Dette kom fram på ein pressekonferanse tysdag 13. april klokka 16.00. Statsminister Erna Solberg viste til dei siste tala for smittespreiing og belasting på sjukehuskapasiteten, og sa at det no vert ei reversering av dei Korona-tiltaka som vart sette i kraft før påske. Smittetala var på veg opp før påske, og det vart då tatt ei innstramming av Korona-tiltaka, for å unngå spreiing av smitte i samband med fridagane. 

Dette gjeld frå og med fredag 16. april (dagens reglar vert forlenga frå 14. til 16. april) (Sjå regjeringen.no for full oversikt):

  • Framleis er rådet å avgrensa sosial kontakt
  • Minsteavstand til andre skal no vera ein meter, mot tidlegare to meter
  • Ein bør helst treffast utandørs
  • Du kan ikkje ha fleire enn fem gjester heime. Det kan vera fleire om alle er frå same kohort, men sjå likevel til at det mogleg å halda avstand
  • Barn i barnehage og barneskule kan ha besøk av barn frå eigen kohort 
  • Det er opna for skjenking igjen, men berre fram til klokka 22.00, og berre i samband med servering av mat
  • Det blir rådd til å avlysa samlingar med deltakarar frå ulike kommunar 
  • Det er opna for private arrangement med ti gjester innandørs i leigde lokale, og maksimalt tjue gjester utandørs
  • Offentlege arrangement kan 100 gjester innandørs eller 200 gjester utandørs, men likevel opp til 600 utandørs der det er nok avstand mellom tre kohortar på 200 (typisk på ein fotballstadion)
  • Det er framleis anbefalt å unngå unødvendige reiser både innanlands (særleg til område med mykje smitte) og utanlands. For innreise til landet utvidar ein ordninga med å søka om innreise, men det vert ikkje letta på karanteneopplegg.

Kommunar kan ha strengare reglar enn dei nasjonale, men kan ikkje ha unntak frå dei statlege nasjonale tiltaka. Det er altså slik at kommunar med stort smittepress kan innføra reglar som er strengare enn dei nasjonale, så skal du reisa til andre kommunar må du orientera deg om kva reglar som gjeld der. 

Statsminister Erna Solberg oppfordra alle til å følgja med på kva reglar som gjeld der ein oppheld seg.

Neste steg i opninga av samfunnet skal vurderast i mai månad. Den vidare opninga av samfunnet vert avgjort på bakgrunn av smittesituasjonen,  sjukdomsbyrden og kapasitet i helsevesenet, og status for vaksinering.

Her kan du finna pressemeldinga om endringane i dei nasjonale tiltaka (ekstern lenke).

Statsministeren sa også at det når no vert opna opp i samfunnet, så er det særleg viktig med smittesporing, og oppmoda til å lasta ned og bruka Smittestopp-appen, les meir om denne ved å klikka her (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 13.04.2021
Publisert: 13.04.2021