HjemNyheterVasslekkasje i Kalandsfeltet

Vasslekkasje i Kalandsfeltet

Det er vatn på avvege ein plass i Kalandsfeltet eller like i nærleiken, og det vert i dag måndag 18/7 jobba med å lokalisera lekkasjen. 

For å finna ut kvar vatnet tek vegen, vert vatnet stengt av stegvis i deler av Kalandsfeltet og nærområdet. I samband med dette kan det vera at abonnentar får tørre kranar, altså at vatnet vert vekke i ein kortare periode.

No har det jo regna passeleg mykje dei siste dagane, og det er gjerne ikkje så lett å seia kva som er grunnen til ein ny bekk i nabolaget. Men om du har lagt merke til noko som kan visa veg til vassleidningsbrotet, er det fint om du ringer til kommunen på 56 16 20 00 og gjev beskjed.

Hovudvassleidningen er stengt ved Fonneskrysset, men andre deler av kommunen skal ikkje merka noko til stenginga med det første. Men i enkelte område kan trykket bli redusert.


Sist oppdatert: 18.07.2022
Publisert: 18.07.2022