Legekontoret stenger i samband med innføring av nytt dataprogram
Det skal på plass ny programvare for journalføring, og dei tilsette skal ha opplæring. For legekontoret betyr det stenging/redusert tilbod desse dagane:
- Måndag 8. januar: Legekontoret stengt etter lunsj. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp ring naudnummer 113, for anna hjelp ring Nordhordland legevakt 116 117.
- Tysdag 9. januar: Legekontoret stengt heile dagen. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp ring naudnummer 113, for anna hjelp ring Nordhordland legevakt 116 117.
- Onsdag 10. januar: Legekontoret kan ha redusert kapasitet denne dagen.
Det er ikkje sett opp timar på dei tidene når det er planlagt oppgradering av datasystemet.
Sist oppdatert:
05.01.2024
Publisert:
04.01.2024