Legekontoret ringer deg når vaksinering står for tur
Legekontoret tar kontakt med deg når det er din tur til å få tilbod om vaksine (det er frivillig å ta vaksine, du kan seia nei). Det er ikkje nødvendig å ringa legekontoret for å seia at du vil ha vaksine, dei tar kontakt ut frå alder og plassering i risikogrupper.
Dersom du har fastlege i ein annan kommune, og meiner at du er i risikogruppe som skal prioriterast, så må du ta kontakt med din fastlege for å sjekka at du vert prioritert.
Framgangen for vaksineringa kjem an på kor mange dosar Austrheim kommune får tildelt. Det veit kommunen berre ei veke fram i tid. 27. mai skal det settast 216 dosar, men det er berre revaksinering med 2. dose, mellom anna til helsepersonell som fekk AstraZeneca i 1. dose.
Altså: Ikkje ring legekontoret for å høyra når du får dine dosar. Dei ringer deg når det er din tur til å få tilbod.