HeimNyheterLedige leiarstillingar i kommunen

Ledige leiarstillingar i kommunen

Austrheim kommune har no to ledige leiarstillingar, der begge har søknadsfrist 19. august.

For begge stillingane er verksemda Human AS hyra inn til å bistå kommunen med rekrutteringa. Sjølve søknadsprosessen skal skje via skjema på deira nettside, sjå denne lenka: Human - ledige stillingar

Kommunalsjef helse og velferd

Kommunalsjef helse og velferd har ansvaret for det største ansvarsområdet i kommunen, med om lag 100 årsverk innan dei ulike einingane. Sektoren omfattar helseeininga, omsorgstenesta, arbeid og inkludering og frivillige tenester, samt eigen stab, og har ei årleg driftsramme på rundt 85 millionar kroner.

Kommunalsjefen går inn i kommunen si øvste leiing som del av kommunedirektøren si leiargruppe, og skal i tillegg jobba tett opp mot det politiske nivået i kommunen. For meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen kan du sjå linken over til Human AS, eller kommunen si nettside på linken her: Ledige stillingar

Einingsleiar teknisk drift

Einingsleiar teknisk drift har ansvaret for eigedomsdrift, VVA og reinhald, med stor merksemd retta mot kvalitet og tilfredsheit hos brukarane. Einingsleiaren deltek i kommunalsjefens leiargruppe, og vil og bidra i kommunestyremøte i saker som ligg under eininga sitt fagområde.  

For meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen kan du sjå linken over til Human AS, eller kommunen si nettside på linken her: Ledige stillingar


Sist oppdatert: 19.07.2022
Publisert: 19.07.2022