HeimNyheterLedig stilling: Barnehagelærar ved Kaland barnehage

Ledig stilling: Barnehagelærar ved Kaland barnehage

Dette er eit vikariat som kan bli forlenga. Søknadsfristen er 20. november.

Kaland barnehage er ein av to kommunale barnehagar i Austrheim. Barnehagen har i dag 60 barn som er fordelt på 5 avdelingar. Det er 19 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Kaland barnehage er på eitt plan, første del vart bygd i 1991, sidan det har den vore påbygd to gonger. Barnehagen er utforma med garderobar knytt til avdelingane, og kjøken til alle avdelingar. Vi har eit eige personalhus utanom barnehagen, der er kontorplass for pedagogar og pauserom.

Rundt oss har vi eit flott og oppgradert uteområde, skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø. Vi ligg og tett på matbutikkar og Equinor Mongstad.

Krav til kompetanse

Utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande.

Vi ynskjer å ha tilsette, som kvar dag møter barna med varme, omsorg og engasjement.

Personalgruppa har gjennomført DUÅ, (De utrolige årene), om du har erfaring med dette ser vi det som eit pluss. Vi ynskjer at du er ein person som kan samarbeide tett med andre, er kreativ og arbeider sjølvstendig, som arbeider for å gje borna ei rik og allsidig utvikling og motiverer til leik og læring. Vi er og inne i eit Realfagsprosjekt - der vi undrar, forskar og driv kjøkenhage.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar kontakt styrar Sissel Elin Berge Monslaup tlf 59162101.

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.

God pensjonsordning, KLP.

Eit fagleg og godt arbeidsmiljø.

I samarbeid med pedagogisk leiar, personalet og styrar, har du som barnehagelærar hjå oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlaget i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.


Sist oppdatert: 30.10.2020
Publisert: 30.10.2020