HjemNyheterLær meir om «Guttas campus»

Lær meir om «Guttas campus»

Organisasjonen «Guttas campus» jobbar for å støtta gutars faglege og sosiale utvikling, og styrka deira føresetnader for å meistra livet og fullføra videregåande skule.

Måndag 4. november kjem Omar Mekki, som er dagleg leiar av «Guttas campus» til Austrheim vidaregåande for å dela sine erfaringar med å ha ein intensiv læringscamp for gutar som nettopp er ferdige med niande klasse i ungdomsskulen. Føredraget er i kantina på AVS, frå klokka 18.00 til 20.00.

I løpet av sine 15 år som lærar og rektor har han sett at mange gutar ikkje klarer å henga med på det som mange opplever som ein teoritung skule, og har jobba med tiltak. 

Utdanningsforbundet står bak arrangementet, med støtte frå Årås sanitetsforening, Lindåsneset sanitetslag og Austrheim kommune.


Sist oppdatert: 13.10.2024
Publisert: 13.10.2024