HjemNyheterNye ladestolpar for elbil ved Mastrevik Torg

Nye ladestolpar for elbil ved Mastrevik Torg

Denne veka er det montert nye ladestasjonar ved Mastrevik Torg, i eit samarbeid mellom kommunen og senteret. Stasjonane som stod der var gratis å bruka, men lada ganske seint og var ikkje alltid i funksjon.

No vert desse erstatta med fire enkeltpunkt der du må betala for straumen, men som ladar fortare. Kvart punkt har ein kapasitet på 22 KW.

Det er ikkje hurtiglading, men likevel mykje raskare enn ladepunkta som stod der. Med 22 KW kan du til dømes lada ein bil med 60 kWh-batteri frå tomt til fullt på tre timar, litt avhengig av kva bil det er.

Det skal brukast ei betalingsløysing via selskapet Zaptek, og når dette er på plass kan ladepunkta brukast. Betalingsløysinga er etter planen klart i romjula. 

Det er KG Elektro på Frekhaug som har levert og montert dei nye ladestasjonane ved Mastrevik Torg.

Det elles også ein hurtigladestasjon ved senteret, den høyrer til selskapet Recharge. Denne leverer opp til 50KW slik at du kan lada raskare, men ladinga kostar også meir.


Sist oppdatert: 20.12.2022
Publisert: 20.12.2022