HjemNyheterKven kan få sjølvtestar?

Kven kan få sjølvtestar?

Austrheim kommune sin tilgang på sjølvtestar vert styrt av den nasjonale tildelinga, og det er ikkje uavgrensa tilgang. For å sikra at kommunen har testar tilgjengeleg til dei som verkeleg treng dette, skal det prioriterast.

Slik skal det prioriterast

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bestemt korleis bruk av hurtig- og sjølvtestar skal prioriterast i kommunane, og lista er slik:

  • Nærkontaktar av personar med kritiske samfunnsfunksjonar i omikron-utbrot.

Ved symptom:

  • Prioritera tilsette med vage symptom i helse- og omsorgstenestene, andre personar med kritiske samfunnsfunksjonar, og barn.

Ved kjent smitteeksponering for husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære:

  • Prioritera barn
  • Prioritera tilsette i helse- og omsorgstenestene
  • Prioritera nærkontaktar ved omikronutbrot

Ved kjent smitteeksponering for andre nærkontaktar:

  • Prioritera barn og tilsette i helse- og omsorgstenestene, eventuelt kritiske samfunnsfunksjonar som er andre nærkontaktar til ikkje-omikronutbrot.
  • Jamleg testing av barn, særleg i område med vedvarande høgt smittetrykk.
  • Jamleg testing i helse- og omsorgstenestene i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar, og i område med vedvarande høgt smittetrykk.

Regjeringa jobbar for å skaffa kommunane fleire testar, men enn så lenge er det avgrensa tilgang og ein må prioritera strengt.

Om ein ikkje kan få test av kommunen, må ein kjøpa på apotek eller i butikk.

Utlevering av hurtigtestar

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.

Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest, men den som skal bruka testen må ha symptom, med unntak av dei som bur i same husstand som ein som er smitta, sjå over. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apotek eller butikk.

Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.30 og 15.15, då må du kjøpa testen på apoteket.

Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.

Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 16.12.2021