Kvar vil du ha rekninga di?

Det betyr at du kan få rekning på e-post (til digital postkasse), du kan få den som e-faktura i Nettbanken, du kan få den på Vipps, eller den kan dukka opp som melding i Altinn.

Kommunen styrer ikkje kvar du får rekninga di, anna enn at me vil unngå å senda ut rekningar på papir. Det du som innbyggjar kan gjera er:

Sjekka informasjonen din på den offentlege nettsida Altinn.no, der du kan oppdatera mobiltelefonnummer og e-post (er også viktig å ha rett nummer der om du vil ha SMS-meldingane kommunen sender ut)

Medan du er inne på Altinn.no så kan du bestemma om du vil ha Digital postkasse, og du kan reservera deg mot digital kommunikasjon.

I nettbanken din kan du bestemma om du vil ha e-faktura for alle rekningar der det er mogleg.

I Vipps-appen, om du har, kan du reservera deg mot å få rekningar som Vipps/E-faktura, og mot at rekningar skal visa i Vipps.

Og på kommune si heimeside, heilt på toppen, finn du innlogging til «Min Side». Her finn du ei liste med alle rekningar som kommunen har sendt til deg, og du kan enkelt be om utsetting om det er naudsynt. Min Side viser kommunale rekningar for alle innbyggjarar, for dei som bur ein annan plass men har fritidsbustad/hytte i Austrheim kommune.


Sist oppdatert: 11.12.2020
Publisert: 11.12.2020