Kva betyr biosfæresatsinga for deg?
Institutt for biovitskap ved Universitet i Bergen har starta eit forskingsprosjekt der dei studerer samspelet mellom menneske og natur, i samband med berekraftig utvikling innanfor Nordhordland biosfæreområde. I denne samanhengen gjennomfører dei ei spørjeundersøking for å forstå korleis naturen gagnar mennesket i Nordhordland. Dei er òg interesserte i å læra meir om forvaltninga av naturgode og menneskelege interaksjonar i området.
Spørjeundersøkinga finn du her.
Den er open til slutten av april.
Onsdag 26. februar, klokka 16-18, er det møte på Austrheim folkebibliotek (på kommunehuset), der ein kan høyra meir om arbeidet. Arrangørane håper så mange som mogleg møter opp på møtet, for å bidra til ei berekraftig framtid for Nordhordland. Ingen påmelding er nødvendig.
Her kan du lese meir om Nordhordland biosfæreområde.
Svar gjerne på undersøkinga, og velkommen på biblioteket onsdag 26. februar!