HeimNyheterFestkonsert for kulturskulen sitt 40-års jubileum, med utdeling av kulturprisen

Festkonsert for kulturskulen sitt 40-års jubileum, med utdeling av kulturprisen

Konferansier Frode Skag Storheim bydde på både humor og nydelig musikk når han leia konserten, og fortalte litt om kulturskulen si historie utover kvelden.

Elevar, korps, kor og gjestar bydde på det eine flotte innslaget etter det andre, og elevar frå visuelle kunstfag hadde ei utstilling som gjestane kunne gå rundt og sjå på.

Det var stor stas at tre av kulturskulen sine tidlegare elevar deltok. Mezzosopran Mari Askvik har i dei siste åra gjort seg anerkjent rundt omkring på både nasjonale og internasjonale scener. Ho har nettopp fått tildelt Statens kunstnarstipend for to år, og etter å ha høyrt ho syngje så vakkert både ein folketone og ein opera-arie, kan vi godt forstå kvifor.

Simon-Emiil Bergstrøm Waage og Sebastian Budal Soltveit skal begge gå vidare på musikk-studium ved Stavanger Universitet og Musikkhøgskulen i Olso. Dei spelte så nydeleg Ole Edvard Antonsen sin "Vidda" på trompet og flygel.

For anledninga var det satt saman eit prosjektkorps beståande av noverande og tidlegare medlemmer i korpsa i kommunen.

Tidlegare rektor Steinar Ebbesvik leia korpset med stø hand, og avslutningsnummeret "Månemannen" med ca. 80 songarar og korpset avslutta konserten på ein framifrå måte. Her var både Austrheim Songlag, Austrheim Seniorkor, Tiriltunge Barnekor, Sesam-borna og Friskusane med og song.

Olaug Sætre, leiar i Kunsthuset, og kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug overrekte begge ei gåve til kulturskulen.

Kjekt var det også at årets kulturpris gjekk til leiar i kulturskulen, Elisabeth Jensen Risnes:

Elisabeth Jensen Risnes fekk kulturprisen for 2024


Sist oppdatert: 08.05.2024
Publisert: 08.05.2024