HeimNyheterKoronavaksinering

Koronavaksinering

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Her er eit skjema som skal fyllast ut og tas med når du skal ta vaksinen mot Korona. Skjemaet inneheld mellom anna spørsmål om annan vaksinestatus, tidlegare smitte med meir. Om du ikkje har skrivar/printer heime, kan du henta dette skjemaet på kommunehuset. På Servicekontoret trykker me opp og legg dei rett innom inngangsdøra (hovudinngangen), slik at du kan henta skjemaet utan å gå heilt inn.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Vaksine-status per fredag 16.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 16. april er at 671 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 175 også fått den andre og siste dosen.

Neste veke vert det vaksinering torsdag 22. april i Austrheimhallen. Kommunen får 78 dosar til den 22. april, og jobbar no med vaksinering av personar i aldersgruppa 65-74 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

For vaksinering den 29. april ventar kommunen å få 84 dosar.

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Vaksine-status per fredag 09.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 9. april er at 498 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 171 også fått den andre og siste dosen.

Neste veke vert det vaksinering torsdag 15. april i Austrheimhallen. Kommunen har fått 96 dosar, og jobbar no med vaksinering av personar i aldersgruppa 65-74 år samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Korona-status og prioritering av vaksinering - status tysdag 30.03.21:

Her kan du lesa om tiltaka som gjeld per no, og korleis ein prioriterer vaksinene. Klikk her for å lesa meir.

Ventar med Astra Zeneca-vaksine - status fredag 12.03.21:

Bruken av vaksine frå Astra Zeneca er sett på pause - dei med fastlege i andre kommunar må gje beskjed om dei skal prioriterast i vaksinekøen. Klikk her for å lesa meir:

Godt i gang med vaksineringa - status fredag 5.03.21:

Austrheim er godt i gang med vaksineringa mot Korona, og kan etter kvart få tilgang til fleire typar vaksine, klikk her for å lesa meir:

Koronavaksinasjon, status per 19.02.21

Austrheim kommune starta ved nyttår med vaksinering mot Korona, og har så langt fått tildelt dosar med Pfizer sin vaksine. Denne skal gis i to dosar med tre vekers mellomrom.

Per fredag 19. februar er det sett 212 dosar. Mange har fått to dosar og er ferdig vaksinerte, men ein del ventar på dose to. I veke 8 og 9 vert det berre revaksinering, altså ingen får den første dosen desse vekene.

Vaksineringa skjer etter den nasjonale prioriteringslista, den finn du i teksten like under her. Per no er ein komme til aldersgruppa 75 - 84 år.

Legekontoret tar kontakt med dei som skal vaksinerast, slik at ein får beskjed når det nærmar seg turen for å kunna ta vaksinen.

Koronavaksinen er gratis.

Koronavaksinasjon frå veke 1 - prioriteringsliste, status per 30.12.20

Dei første dosane med vaksine er komne til Norge, og her i Austrheim startar me vaksineringa den første veka i januar.

Vaksinen synest så langt å vera trygg med få alvorlege biverknadar. Dei eldre får mindre biverknadar enn dei yngre. Det vanlegaste er etter ein til to dagar litt smerte på stikkstaden, hovudsmerte, muskelsmerte, frysningar, leddsmerte, feber og ein kan kjenna seg sliten. Dette er teikn på at vaksinen set i gang immunsystemet.

Full vaksine gir skydd mot alvorleg sjukdom hos 95% av dei som er vaksinerte. Den vaksinen som vert nytta no, skal ein ha to dosar av. Det skal gå minst 21 dagar mellom første og andre dose.

Staten har laga ei prioritering frå 1 til 9 som kommunen er pålagt å følgja:

  1. Bebuarane ved sjukeheimen,.
  2. Alle over 85 år
  3. Dei som er mellom 75 og 84 år
  4. Alder 65-74 år og personar 18-64 år med tilstandar som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Fastlegen får i oppgåve å gje opp kven som kjem i denne gruppa (kriteria frå FHI)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  8. Alder 55-64 år 
  9. Alder 45-54 år

30. desember er det sagt frå Folkehelseinstituttet at vaksinasjon av utvalde grupper helsepersonell skal skje parallelt med vaksinasjon av bebuarar på sjukeheimar og i risikogrupper over 85 år.

Desse kriteria kan endrast utifrå smittesituasjonen.

Vaksinen er gratis.

Vi tek kontakt med dei ulike etter den rekkefølgja som er gitt i prioriteringslista, og rår til at alle som får tilbod om vaksine, tek imot denne. I tillegg til direkte kontakt frå oss kan du også finna informasjon på kommunen sine nettsider. Dei som bur på sjukeheimen, får sin vaksine der.

Dei som nyttar blodfortynnande, skal venta med dagsdosen til etter at ein har fått vaksine. Fastlegen kan kontaktast for rådgjeving kring vaksinering. 

Korona-situasjonen

Austrheim har no ingen lokale tiltak utover dei nasjonale. For oppdatert informasjon viser me til statleg informasjon, som også blir lagt ut på kommunen sine nettsider. Dei retningslinjer som gjeld for ulike arrangement, er også tilgjengelege via kommunen sine nettsider. Der er det også linkar vidare til Folkehelseinstituttet og Regjeringa sine informasjonssider.

Informasjon frå nettsida vert delt på Facebook, men alt er alltid tilgjengeleg på nettsida. Kommunen sender også korte varsel på SMS om det er noko viktig som må ut til alle.

I det vidare arbeidet for å halda kontroll på smitten er det som tidlegare viktig at den enkelte gjer sin del av innsatsen, med grunnleggande ting som reine hender – handsprit – avstand – eventuelt munnbind der det ikkje er mogleg å halda god nok avstand (12 år og yngre skal ikkje bruka munnbind).

Følg med på heimesida for eventuelle endringar på møta på grunn av Korona-situasjonen.

Du vil få tid for vaksinasjon og møtestad for begge dosane. Kan du ikkje møta til avtalt tid, er det viktig å melda frå slik at andre kan få vaksinedosen. Er du blitt sjuk i luftvegane, forkjøling, feber eller liknande, skal du melda frå, og ikkje møta til vaksinasjon.

Austrheim legekontor/Austrheim kommune

Vaksineringsplanen i Austrheim, status per 17.12.20: 

Etter ti månader med ulike tiltak for å bremsa Korona-viruset, ser det no ut for at me på nyåret kjem i gang med vaksinering. Det er ikkje nok vaksinedosar til alle frå starten av, og vaksinering vert prioritert slik:

  1. Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustadar
  2. Eldre over 85 år
  3. Eldre over 75 år
  4. Eldre over 65 år
  5. Personar 18–64 år med ein eller fleire sjukdommar (lista er ikkje klar enno).
  6. Helsepersonell med pasientkontakt. Denne gruppa vil få høgare prioritet viss smittepresset i det norske samfunnet skulle auke.

Målet med vaksinering er på beskytta kvar einskild som er vaksinert, mot korona-sjukdommen. Vaksinen hindrar ikkje at ein kan verta smitta eller smitteførande, difor må ein stadig ta smittevernomsyn.

Med avgrensa vaksinetilgang vil vaksinering gå føre seg stegvis. Du treng ikkje ta kontakt med kommunen/fastlegen din:

  • 👉Austrheim kommune vil kontakta alle personar i gruppe 1 og 2 (sjå lista over).
  • 👉 Personar i gruppe 3 vert kontakta for å stå på ringeliste om vi har att vaksinar i fyrste runde.
  • 👉 Personar i gruppe 4-6 treng ikkje ta kontakt med fastlege. Vi vil gå ut med nærare informasjon etter kvart som vi veit meir.

Litt fakta om vaksinane:

  • ❗ Den vaksinen som truleg vert godkjent fyrst, må lagrast ved -75 °C før distribusjon til kommunane.
  • ❗ Når vaksinen er tint opp, er den haldbar i 5 døgn ved 2–8 °C. Tida går frå vaksinen vert teken ut frå sentralt lager. Kommunen har berre 5 døgn inkludert transporttid til å få brukt desse dosane.
  • ❗ Frå hetteglaset er opna og tilsett saltvatn, må dei 5 dosane takast i bruk i løpet av 6 timar.
  • ❗ Alle skal ha to dosar. Andre dose må setjast etter minst 21 dagar etter den fyrste.

Vi ser fram til 2021 og håpar å få bukt med denne pandemien!

Austrheim kommune har denne veka levert sin vaksineplan, som mellom anna bygger på erfaringane med influensavaksineringa i haust.

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, klikk her for å komma til sida www.fhi.no/kvp:

Folkehelseinstituttet si side om vaksine:

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, klikk her for å komma til sida www.fhi.no/kvp:


Sist oppdatert: 16.04.2021
Publisert: 17.12.2020