HeimNyheterKoronavaksinering torsdag 22. september

Koronavaksinering torsdag 22. september

Kvar og når er det vaksinering:

  • Vaksineringa er i Austrheimhallen frå klokka 16.00 til 18.00.
  • Møt fram, ingen timebestilling.
  • Det vert sett vaksiner så lenge ein har.

Kven kan få vaksine:

  • Det er tilbod om vaksine etter den prioriteringa som Folkehelseinstituttet (FHI) kom med 12. september 2022.
  • Alle som er 65 år og eldre.
  • Oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.
  • Oppfriskingsdose til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.
  • Oppfriskingsdose til gravide.

Du har hatt Korona nyleg, kva med oppfriskingsdosen?

  • Om du no har gjennomgått korona/covid-19, der sjukdommen er stadfesta med prøve, er rådet frå Folkehelseinstituttet å venta 3-4 månader med å ta ein oppfriskingsdose.
  • Du kan likevel få den tidlegare, men ikkje tidlegare enn minst tre veker etter at du vart frisk igjen. 
  • Folkehelseinstituttet skriv at antistoffresponsen etter ein oppfriskingsdose er betre dersom tidsintervallet er lengre enn minimumsperioden på 3 veker.

Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet si heimeside, klikk på lenka - ekstern lenke.


Sist oppdatert: 16.09.2022
Publisert: 15.09.2022