HeimNyheterKoronasmitte i russemiljøet i Nordhordland - oppfordrar til testing

Koronasmitte i russemiljøet i Nordhordland - oppfordrar til testing

Ein person i russemiljøet i Nordhordland har fått påvist koronasmitte. Vedkommande bur i Alver og går på Austrheim vidaregåande skule. Sjå nedst i teksten her for informasjon om testing i helga 22. og 23. mai.

Personen har vore på fest i friluftsområdet Haltejohansvika på Frekhaug. Dei vidaregåande skulane i regionen tar direkte kontakt med russen, og ber alle om å testa seg i sin heimkommune.

Samstundes ber kommuneoverlegane i Austrheim og Alver andre som har vore på fest i Haltejohansvika sidan torsdag 13. mai om å ta kontakt med kommunen sin for å ta ein Korona-test.

– Det er viktig at folk ikkje utset testen, men tar kontakt med kommunen sin og testar seg så raskt som mogleg, seier Peter Kubon, kommuneoverlege i Austrheim, og Terese Folgerø, kommuneoverlege i Alver.

Dei oppmodar alle om å avgrensa sosial kontakt og følgja smittevernreglane.

– Vi kjenner ikkje smittevegen til personen som har fått påvist koronavirus. Difor går vi breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halda deg heime, og testa deg på nytt, seier kommuneoverlegane.

Austrheim kommune legg opp til testing fredag 21. mai og vidare gjennom helga for at alle aktuelle skal få testa seg.

Om ein ønskjer å testa seg i helga, må ein ringa 94506751 mellom klokka 10 og klokka 12 laurdag 22. mai eller søndag 23. mai. Det vert då mogleg å verta testa klokka 13.00 same dag. 

Det vert ikkje testing måndag 24. mai, men det er lagt opp til testing tysdag 25. mai.


Sist oppdatert: 21.05.2021
Publisert: 21.05.2021