HjemNyheterStrengare tiltak - meir vaksinering

Strengare tiltak - meir vaksinering

Fredag ettermiddag kom beskjeden om at Regjeringa har vedteke ei regional forskrift som omfattar kommunar som soknar til Helse Bergen, herunder Austrheim. Denne trer i kraft fredag 3. desember klokka 21.00. Klikk her for å lesa heile saka om forskrifta:

Dette er tiltaka som gjeld frå 3. desember klokka 21.00:

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halda minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikta til å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruka munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av veka, der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester.
  • Avgrensingar for tal personar for private arrangement innandørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrera gjester, og for å varsla gjester om smitteeksponering.
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vera 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200 personar.

Fastsette ved forskrift

Austrheim hadde frå før ei lokal forskrift vedteken av formannskapet, som var sett til å vara fram til 5. desember. Den regionale forskrifta har strengare tiltak, og overstyrer formannskapet si forskrift.

At tiltaka er fastsette ved forskrift inneber at det ikkje er valfritt å etterleva dei. I ytterste konsekvens kan ein bli bøtelagt for å bryta forskrifta.

Tiltaka er elles dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke torsdag 2. desember.

Sjukehustenestene under press

Tiltaka er felles for dei fleste kommunane der innbyggjarar som blir sjuke blir viste til Helse Bergen. Både Haraldsplass diakonale sjukehus og Haukeland universitetssjukehus melder denne veka om at helsetenestene er under press, som ein kombinasjon av at det over tid har vore mange med RS-virus og ein del Korona-tilfelle som har fått intensivbehandling, i tillegg til at det er den vanlege drifta med ein del akutt behandling.

Spreiing av smitten gjer at mange tilsette ved sjukehuset er heime med sjukdom eller i karantene, og sjukehusa varslar at dei no må utsetta den vanlege aktiviteten for å ha kapasitet til meir akutte innleggingar.

Dette er smittesituasjonen i Austrheim 

Smitten har auka mykje i Austrheim dei siste månadene. I oktober var det registrert 11 smitta av Korona med potensial for utbrot, i november 48, og i løpet av dei første dagane av desember er det registrert 3 personar. 

Det betyr ikkje at alle vert alvorleg sjuke, dei som er smitta har så langt vore fordelte mellom at dei er asymptomatiske, eller har symptom tilsvarande ei forkjøling eller influensaliknande sjukdom.

Men det er altså det samla presset på Helse Bergen som har ført til innføring av den nye forskrifta

Held fram med vaksinering

Legekontoret held fram arbeidet med vaksinering med 3. dose, til dei over 65 år. Så langt er 238 av i alt 660 innbyggjarar i denne aldersgruppa vaksinerte.

Fram mot jul er det planlagt vaksinering torsdag 9. desember og torsdag 16. desember, begge desse dagane for aldersgruppa 65 pluss. Det skal elles ha gått minst fem månader sidan den 2. dosen med Korona-vaksinen, før ein kan ta den tredje dosen.

Dei over 65 år som alt har meldt seg for tredje dose med Korona-vaksine, vil få beskjed om når dei kan komma og få vaksinen. Dei som ikkje har meldt seg for den tredje vaksinedosen kan ringa Servicekontoret på telefonen 56 16 20 00, på kvardagar mellom 09.00 og 15.00.

Det gjeld også dei som ikkje har tatt 1. eller 2. vaksine, men som no ønskjer å ta denne.

Utlevering av hurtigtestar

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.

Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest, men den som skal bruka testen må ha symptom, med unntak av dei som bur i same husstand som ein som er smitta, sjå over. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apotek eller butikk.

Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.30 og 15.15, då må du kjøpa testen på apoteket.

Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.

Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.

For dei med smitte i husstanden

Alle som bur ilag med ein som har fått påvist koronavirus:

  • Uvaksinerte over 18 år har plikt til å testa seg.
  • Testinga skal skje enten ved å testa seg 7 påfølgjande dagar med heimetest eller anna kvar dag i 7 dagar med PCR -test.
  • Uvaksinerte under 18 år vert oppmoda om å testa seg på same måte som dei over 18 år. 
  • Vaksinerte bør testa seg to gonger i løpet av ei veke og halda seg heime til dei har fått svar på den første testen.
  • Vaksinerte bør vidare redusera talet på nærkontaktar, og halda seg mest mogleg heime til smittesituasjonen i huset er over.

Kva gjer du ved symptom - oversikt frå FHI

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga flytskjema som hjelper deg vidare dersom du:

Du kan eventuelt lesa meir her: Kva skal du gjera om du har nyoppståtte luftvegssymptom (lenke til FHI.no)

Du kan eventuelt lesa meir her: Born i barnehage- eller barneskulealder med nyoppståtte luftvegssymptom - når skal dei vera heime frå barnehage/skule, og når skal dei testast for covid-19 (lenke til FHI.no)


Sist oppdatert: 04.12.2021
Publisert: 03.12.2021