HeimNyheterKorona-tilskot til bedrifter som har falle utanom ordningar

Korona-tilskot til bedrifter som har falle utanom ordningar

Austrheim kommune har motteke kr. 572.940 som skal gå til verksemder som av ulike grunnar har falle utanfor generelle kompensasjonsordningar i samband med pandemien.

Kommunal- og moderniseringsdepartement  har den 25. februar 2021 sendt ut eit skriv som heiter «Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter», skrivet kan du lesa ved å klikka på denne lenka:

Austrheim kommune skal bruka midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.

Dette kan vera støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serverings-næringane, men og andre verksemder som av ulike årsaker har falle utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Kommunen sin støtte må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Støtta skal leggast fortløpande inn i regionalforvaltning.no. Søknad om tilskot må sendast til Austrheim kommune på e-post til post@austrheim.kommune.no.

Viktige opplysingar som må stå i søknaden er:

Organisasjonsnummer:

Selskapsnamn:

Kontaktperson:

E-postadresse:

Postadresse:

Postnummer:

Tal årsverk i verksemda:  Heiltid:              Deltid:    

Kontonummer til verksemda:

Har verksemda fått offentleg koronastøtte tidlegare:

Om ja, kor stort beløp i heile kroner:

Kva er verksemda sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging:

Lag ein rekneskapsoversikt over kostnadar og tap her:

 

Søknadsfrist vert sett til 22. april 2021.

Rådmannen


Sist oppdatert: 06.04.2021
Publisert: 02.03.2021