HjemNyheterKorona- og vaksinestatus fredag 3. september 2021

Korona- og vaksinestatus fredag 3. september 2021

Om du ønskjer å få Korona-vaksine, men ikkje har meldt deg enno, er det snart siste frist for å be om 1. dose. I Austrheim er siste sjanse for 1. dose å få sett den torsdag 9. september eller torsdag 16. september. Ønskjer du vaksine? Sjå under om korleis du kjem i kontakt med legekontoret.

Vaksine til dei mellom 12 og 15

Vaksineringa er no utvida til ei ny aldersgruppe, med tilbod om Korona-vaksine til barn/unge fødde 2006-2009 (må ha fylt 12 år).

Denne vaksineringa vil skje torsdag 9. september, i Austrheimhallen frå klokka 17.00 og utover:

  • 7. klasse møter kl. 17.00
  • 8. klasse møter kl. 17.30
  • 9. klasse møter kl. 18.00
  • 10. klasse møter kl.18.30

Alle som skal ha vaksine må ha med samtykkeskjema med underskrift frå begge foreldre. Born fødde i 2009 som ikkje er 12 år enno, vil få tilbod om vaksine etter fylte 12 år.

Dersom nokon ikkje kan denne dagen, kan dei ta kontakt med Austrheim legekontor/Årås helsestasjon for å avtala vaksinering ein annan dag.

Vil du framskunda 2. dose?

Om du har fått sett dose 1, og vil framskunda den 2. dosen, ta kontakt med legekontoret for å få sett opp time.

Når du har gjort avtale om vaksinetime, så MÅ du møta til timen din, eller gje beskjed i god tid dersom du til dømes er sjuk.

Vaksinen kjem i glas med fleire dosar, slik at ein risikerer å kasta dosar dersom folk ikkje stiller til timen sin. Det er sløsing med dosar, og andre kunne vore innkalla til vaksinering dersom legekontoret hadde fått beskjed tidleg nok.

Kontakt med legekontoret

  • Du kan ringa legekontoret på 56 16 82 00, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00.
  • Vaksineringa torsdag 9. september er som tidlegare i Austrheimhallen.
  • Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time.
  • Kommunen har så langt motteke 4007 vaksinedosar. For dei over 18 år er 89 prosent vaksinerte med 1. dose. 77,9 prosent av dei over 18 år har også fått den 2. dosen.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Smittestatus

Siste 14 dagar (til 3. september) er det registrert to smittetilfelle i Austrheim, eitt den 26. august og eitt den 27. august. Det er viktig med grunnleggande innsats frå alle for å halda smitten nede: Avstand – reine hender – handsprit, og munnbind der det trengs. For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak, i alle aldersgrupper.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte. Med nye smittetilfelle rundt om, ser ein tydelege kor viktig det er å hugsa på smittevernet.

Det er smitte i nabokommunane våre også. Siste 14 dagar til og med 3. september har Alver kommune registrert 37 smittetilfelle. 

Bergen har høge smittetal og har eigne lokale anbefalingar for å stoppa smitten, gjeldande til 1. september, klikk her for å lesa desse:

Når er du fullvaksinert?

I Austrheim er det stort sett Pfizer Biontech sin mRNA-vaksine som er brukt. Astra Zeneca vart brukt tidleg i vår, før Norge slutta å bruka denne vaksinen. For dei som har fått Pfizer Biontech som 1. og 2. dose, eller 2. dose etter Astra Zeneca som første, vert ein i Norge rekna som fullvaksinert ei veke etter at du har fått andre dose.

Det kan vera andre retningslinjer i andre land for når ein er rekna som fullvaksinert. Fleire land i EU/EØS-området krev at det har gått to veker etter andre vaksinedose før ein er rekna som fullvaksinert, så skal du på reise må du sjekka dette på førehand. Meir om reiser lengre nede.

Dei som har tatt Janssen-vaksinen, er rekna som fullvaksinerte 21 dagar etter å ha tatt éin vaksinedose. Janssen-vaksinen er ikkje del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, men det er likevel mogleg å få tatt denne hjå enkelte legar.

Fullvaksinerte skal framleis testa seg ved symptom på Korona/Covid-19. Symptoma er ofte svakare enn for dei som er uvaksinerte.

Koronasertifikatet ditt kan du sjå på Helsenorge.no, klikk på denne lenka her: 

Nasjonale tiltak gjeldande frå 13. august

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte fredag 13. august:

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Skal du til eller frå utlandet er det også fleire ting å ta omsyn med tanke på karantene og liknande, dette kan du lesa meir om hjå Helsenorge.no (klikk på lenka her), og hjå Utanriksdepartementet (klikk på lenka her).

Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestopp-appen

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 03.09.2021
Publisert: 03.09.2021