HjemNyheterKorona- og vaksinestatus fredag 10. september 2021

Korona- og vaksinestatus fredag 10. september 2021

Om du ønskjer å få Korona-vaksine, men ikkje har meldt deg enno, er det snart siste frist for å be om 1. dose. I Austrheim er siste sjanse for 1. dose å få sett den torsdag 16. september eller torsdag 23. september.

Ønskjer du vaksine? Sjå under om korleis du kjem i kontakt med legekontoret.

Vil du framskunda 2. dose?

Om du har fått sett dose 1, og vil framskunda den 2. dosen, ta kontakt med legekontoret for å få sett opp time. Det skal gå minst tre veker mellom 1. og 2. dose. 

Når du har gjort avtale om vaksinetime, så MÅ du møta til timen din, eller gje beskjed i god tid dersom du til dømes er sjuk.

Vaksinen kjem i glas med fleire dosar, slik at ein risikerer å kasta dosar dersom folk ikkje stiller til timen sin. Det er sløsing med dosar, og andre kunne vore innkalla til vaksinering dersom legekontoret hadde fått beskjed tidleg nok.

Kontakt med legekontoret

  • Du kan ringa legekontoret på 56 16 82 00, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00.
  • Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time.
  • Kommunen har så langt motteke 4007 vaksinedosar. For dei over 18 år er 89 prosent vaksinerte med 1. dose. 77,9 prosent av dei over 18 år har også fått den 2. dosen.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Testing for Korona

I Austrheim vert det testa for Korona på måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar. Alle dagar er det testing frå klokka 11.10, hugs at du må ringa legekontoret for å avtala time til testing.

Til og med 10. september er det tatt 2.176 testar i Austrheim. 

Fullvaksinerte skal framleis testa seg ved symptom på Korona/Covid-19. Symptoma er ofte svakare enn for dei som er uvaksinerte.

Koronasertifikatet ditt kan du sjå på Helsenorge.no, klikk på denne lenka her: 

Nasjonale tiltak gjeldande frå 9. september

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte torsdag 9. september:

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det kan vera strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Skal du til eller frå utlandet er det også fleire ting å ta omsyn med tanke på karantene og liknande, dette kan du lesa meir om hjå Helsenorge.no (klikk på lenka her), og hjå Utanriksdepartementet (klikk på lenka her).

Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestopp-appen

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 10.09.2021