HjemNyheterKorona- og vaksinestatus fredag 1. oktober 2021

Korona- og vaksinestatus fredag 1. oktober 2021

Regjeringa har tatt vekk dei fleste Korona-tiltaka, med unntak av at du skal gå isolasjon dersom du er smitta av Korona/Covid-19, samt at det er nokre reiseråd og karantenekrav til reisande til og frå enkelte land. Dette finn du på Regjeringa sine Korona-sider, klikk på lenka for å lesa.

Det som viktig å notera seg her i Austrheim er dette:

  • Alle som ikkje har fått dato til å setja 2. dose med vaksine, ta kontakt med legekontoret (sjå under).
  • Dei kommande vekene vert det vaksinering på onsdagar, onsdag 6. oktober og onsdag 13. oktober.
  • Siste sjanse for å få sett dose 1 er 6. oktober, etter dette er det ikkje mogleg å få dose 1 av vaksinen! 
  • Den enkelte har framleis ansvar for å delta i dugnaden med å avgrensa smitten, det betyr skjerpa handhygiene, å ikkje hosta «rett ut i lufta», rett og slett alle dei små tinga som me har blitt flinke til å hugsa på det siste halvanna året.

Det er også på plass med ros til tilsette innan helse, og til alle innbyggjarane, for innsatsen for å følgja retningslinjene me har hatt i samband med Korona. Vår kommune har klart seg bra gjennom pandemien, med få smittetilfelle, og ikkje minst har ein klart å halda smitten ute frå Nordliheimen og andre stader der smitte ville vore ekstra ille.

Kva gjer du om du kjenner deg småsjuk?

Det siste halvanna året har det jo stort sett vore slik at dersom du har hosta litt og vore i tvil, så måtte du vera heime frå arbeid. Men no som forbruket av handsprit går litt ned, og folk går litt meir ut enn før, må ein rekna med at fleire blir forkjølte og snufsete. I tillegg er det snart vinter og influensasesong, slik at ein må rekna med å verta litt tett i nasen.

På dette skjemaet under kan du lesa kva du skal gjera dersom du har luftvegssymptom, klikk her for PDF.

Luftvegssymptom - flytskjema

Kva om du eller ein nærkontakt får påvist korona/covid-19?

No som vaksineringsgraden er høg, er behovet redusert for karantene og isolasjon. På skjemaet under kan du lesa kva du skal gjera dersom du eller din nærkontakt får påvist korona/covid-19, klikk her for PDF.

Om du eller din nærkontakt får påvist korona/covid-19

Kontakt med legekontoret

Du kan ringa legekontoret på 56 16 82 00, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00.

Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Når du har gjort avtale om vaksinetime, så MÅ du møta til timen din, eller gje beskjed i god tid dersom du til dømes er sjuk.

Vaksinen kjem i glas med fleire dosar, slik at ein risikerer å kasta dosar dersom folk ikkje stiller til timen sin. Det er sløsing med dosar, og andre kunne vore innkalla til vaksinering dersom legekontoret hadde fått beskjed tidleg nok.

I Austrheim vert det testa for Korona etter behov. Ring legekontoret for å avtala time til testing.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Link: Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine.

Koronasertifikatet ditt kan du sjå på: Helsenorge.no, klikk på denne lenka her: 


Sist oppdatert: 01.10.2021
Publisert: 01.10.2021