HjemNyheterKorona- og vaksinestatus 7. mai 2021

Korona- og vaksinestatus 7. mai 2021

Neste vaksinering vert tysdag 11. mai i Austrheimhallen, veka etter er ein tilbake til torsdagar som vaksinedag. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. For vaksineringa 11. mai får Austrheim 66 dosar.

Vaksineringa følgjer den nasjonale prioriteringa, no vert det gitt vaksine til innbyggjarar fødde rundt 1956, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen.

Har du reine hender?

Reine hender er eitt av dei mest grunnleggande smitteverntiltaka, saman med avstand og munnbind der det er behov for det. Folkehelseinstituttet har denne veka markert den internasjonale Handhygienedagen (klikk på lenka for å komma til FHI.no), som vart etablert i 2010. Handhygiene er særleg viktig for helsetenestene, men også andre kan finna gode råd om korleis ein unngår smittespreiing.

Du kan mellom anna sjå korte filmar som Folkehelseinstituttet har publisert på Vimeo (klikk på namnet for å sjå film): En dråpe er ikke nok – En film om riktig bruk av hånddesinfeksjon on Vimeo og Gjør du det ofte nok? Markering av håndhygienedagen 5. mai 2020 on Vimeo

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Det har ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021. Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at dette held fram.

Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

Medan Austrheim har unngått smitte, er det oppdaga smittetilfelle i andre kommunar i regionen, mellom anna smittetilfelle mellom elevar i ungdomsskulealder og på vidaregåande skule. For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper. Som tidlegare bør ein avlysa eller utsetja arrangement der det er mogleg, og generelt unngå å blanda grupper, særleg over kommunegrensene.

Nasjonale reglar gjeld

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er.

Austrheim kommune har elles ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane.

Har du lasta ned Smittestopp-appen?

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp on Vimeo


Sist oppdatert: 07.05.2021
Publisert: 07.05.2021