Korona- og vaksinestatus fredag 6. august 2021

Neste vaksinering vert onsdag 11. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få 102 dosar.

Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering.

Dersom legekontoret ikkje har fått fatt i deg for å gje tilbod om time, eller du kanskje har sagt nei til vaksine tidlegare, er det no ope for å ringa legekontoret for å be om time til vaksinering. Du kan ringa legekontoret på 56168200, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00. 

Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time, og i neste omgang møter presis til den tida ein har vaksinetime.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Mål om høg vaksinedekning

Målet er høgast mogleg vaksinedekning i befolkninga, det beskyttar den enkelte, og også alle andre.

Det vert ikkje Drop in-vaksinering i veke 32 (onsdag 11. august), sidan det ikkje er tildelt så mange dosar til denne vaksineringa. Kommunen får berre varsel ei veke på førehand om mengde dosar, så ein veit ikkje no kor mange dosar som skal settast i veke 33.

Vaksinen Austrheim får tildelt framover er Pfizer Biontech, evt. Moderna/Spikewax mRNA vaksine.

Når er du fullvaksinert?

I Austrheim er det stort sett Pfizer Biontech sin mRNA-vaksine som er brukt. Astra Zeneca vart brukt tidleg i vår, før Norge slutta å bruka denne vaksinen. For dei som har fått Pfizer Biontech som 1. og 2. dose, eller 2. dose etter Astra Zeneca som første, vert ein i Norge rekna som fullvaksinert ei veke etter at du har fått andre dose.

Det kan vera andre retningslinjer i andre land for når ein er rekna som fullvaksinert. Fleire land i EU/EØS-området krev at det har gått to veker etter andre vaksinedose før ein er rekna som fullvaksinert, så skal du på reise må du sjekka dette på førehand. Meir om reiser lengre nede.

Dei som har tatt Janssen-vaksinen, er rekna som fullvaksinert 21 dagar etter å ha tatt éin vaksinedose. Janssen-vaksinen er ikkje del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, men det er likevel mogleg å få tatt denne hjå enkelte legar.

Fullvaksinerte skal framleis testa seg ved symptom på Korona/Covid-19. Symptoma er ofte svakare enn for dei som er uvaksinerte.

Koronasertifikatet ditt kan du sjå på Helsenorge.no, klikk på denne lenka her: 

Smittestatus

Onsdag 21. juli vart det stadfesta eitt tilfelle av Korona-smitte i Austrheim. Før dette hadde det ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021. I perioden 21. til 31. juli vart det registrert i alt seks nye smittetilfelle, etter dette har utbrotet stoppa opp. Det var registrert fleire smitta i tilknyting til utbrotet, men dei har adresse i andre kommunar og kom i statistikken der.

Det siste utbrotet viser kor viktig det er med den grunnleggande innsatsen frå alle: Avstand – reine hender – handsprit, og munnbind der det trengs. For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak, i alle aldersgrupper.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte. Med nye smittetilfelle rundt om, ser ein tydelege kor viktig det er å hugsa på smittevernet.

Det er smitte i nabokommunane våre også, siste 14 dagar har Alver kommune registrert 34 smittetilfelle, Masfjorden 1 smittetilfelle og Gulen 1 smittetilfelle.

Bergen har hatt 606 nye smittetilfelle dei siste 14 dagar, og har innført eigne nye lokale tiltak for å stoppa smitten.

Nasjonale tiltak frå 2. august

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Dei nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte måndag 2. august.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Skal du til eller frå utlandet er det også fleire ting å ta omsyn med tanke på karantene og liknande, dette kan du lesa meir om hjå Helsenorge.no (klikk på lenka her), og hjå Utanriksdepartementet (klikk på lenka her).

Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestopp-appen

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 06.08.2021
Publisert: 06.08.2021