HeimNyheterKorona- og vaksinestatus 4. juni 2021

Korona- og vaksinestatus 4. juni 2021

Neste vaksinering vert torsdag 10. juni i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 4. juni var det 74 nyvaksineringar, og i alt 172 revaksineringar til personar som fekk anten BioNTech-Pfizer-vaksine, eller AstraZeneca i første runde. AstraZeneca-vaksinen blir ikkje brukt lengre. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Klikk her for å lesa: Legekontoret ringer deg når vaksinering står for tur

Austrheim får færre vaksinedosar framover

Regjeringa har bestemt at det skal gjerast ei ny fordeling av vaksiner, der dei kommunane med mest smitte skal få fleire vaksiner no på forsommaren, medan kommunar med lite smitte får færre. I alt er det 24 kommunar med mykje smitte som skal få dosar frå kommunar med låg smitte. Avhengig av kor mange dosar Austrheim faktisk blir tildelt (dette får kommunen vita ei veke på førehand), vil skeivfordelinga gjera at vaksineringa gå seinare no framover hjå oss.

Legekontoret vil kalla inn til vaksinering etter kor mange vaksinedosar kommunen får tildelt.

Får tilbake i juli

Regjeringa har sagt at omfordelinga skal skje fram til alle over 18 år i desse kommunane med høg smitte har fått tilbod om vaksine. Regjeringa har rekna ut at dette punktet blir nådd i midten av juli månad. Etter den tid skal Austrheim «få tilbake» sine vaksinedosar.

Vaksineringa følgjer elles den nasjonale prioriteringa. Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Nye nasjonale reglar frå 27. mai

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Dei nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte torsdag 27. mai, med endringar mellom anna for kor mange du kan samla i heimen og på arrangement. Sett deg inn i desse reglane dersom du planlegg ei samling heime eller eit arrangement.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Det har ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021. Men det er smitte i nabokommunen Alver.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte. Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper.

Har du lasta ned Smittestopp-appen?

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 04.06.2021
Publisert: 04.06.2021