HjemNyheterKorona- og vaksinestatus 21. mai 2021

Korona- og vaksinestatus 21. mai 2021

Neste vaksinering vert torsdag 27. mai i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 27. mai vert det revaksinering, herunder revaksinering med ny vaksine for dei som fekk AstraZeneca i 1. dose. Det er 102 dosar til revaksinering for dei som fekk 1. dose med BioNTech-Pfizer-vaksinen, og 116 dosar med BioNTech-Pfizer-vaksinen til dei som fekk AstraZeneca i første dose. Helsepersonell som fekk AstraZeneca i dose 1, får tilbod om revaksinering neste veke eller veka etter.

Austrheim får færre dosar framover

Regjeringa har bestemt at det skal gjerast ei ny fordeling av vaksiner, der dei kommunane med mest smitte skal få fleire vaksiner no på forsommaren, medan kommunar med lite smitte får færre. Endringane i fordelinga vil gjera at Austrheim får færre vaksinar no, men fleire igjen i midten av juli og utover.

Dette betyr igjen at dei dosane som Austrheim får dei kommande vekene, vil gå til revaksinering med dose 2.

Vaksineringa følgjer elles den nasjonale prioriteringa. Når vaksineringa igjen kjem i gang for dei som skal ha dose 1, vert det gitt vaksine til innbyggjarar i aldersgruppa 55-64 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. 20. mai var det innbyggjarar i alderen 63-64 år som fekk vaksine.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Det har ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021. Men det er smitte i nabokommunen Alver, og akkurat denne veka er det eit smitteutbrot ved AVS for ein elev frå Alver. Det pågår testing og kartlegging for å sjå om smitten også er etablert i Austrheim.

Klikk her for å lesa meir om smitteutbrotet mellom russen/elev ved AVS

Arbeidet går etter det som er kjent som TISK-strategien: Testing, isolering, smittesporing og karantene.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte. Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper. Som tidlegare bør ein avlysa eller utsetja arrangement der det er mogleg, og generelt unngå blanding av kohortar, særleg over kommunegrensene.

Nasjonale reglar gjeld

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. I dag 21. mai har Regjeringa varsla endringar i reglar samt i råd om anbefalingar. Noko er sett i verk straks, andre ting gjeld frå torsdag 27. mai.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er.

Austrheim kommune har elles ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane.

Har du lasta ned Smittestopp-appen?

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 21.05.2021
Publisert: 21.05.2021