HjemNyheterKorona- og vaksinestatus 11. juni 2021

Korona- og vaksinestatus 11. juni 2021

For vaksineringa 10. juni var det 42 nyvaksineringar, og i alt 84 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Om du meiner at du er i risikogruppe og skulle hatt vaksine raskare enn andre på din alder, kan du ringa til legekontoret for registrering av vaksineønsket. Legekontoret har telefon 56 16 82 00. Om du meiner at du skal ha tilbod om vaksine samstundes med andre på din alder, kan du berre venta på at legekontoret tar kontakt for tilbod om vaksine.

Neste vaksinering vert torsdag 17. juni i Austrheimhallen, der det skal settast 126 dosar. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

Vaksineringa følgjer elles den nasjonale prioriteringa. Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Klikk her for å lesa: Legekontoret ringer deg når vaksinering står for tur

Følgjer nasjonale reglar

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Dei nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte torsdag 11. juni, med endringar mellom anna for kor mange du kan samla i heimen og på arrangement. Sett deg inn i desse reglane dersom du planlegg ei samling heime eller eit arrangement.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Det har ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021. Men det er smitte i nabokommunen Alver.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte. Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper.

Har du lasta ned Smittestopp-appen?

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 11.06.2021
Publisert: 11.06.2021