HjemNyheterKorona- og vaksinestatus 1. juli 2021

Korona- og vaksinestatus 1. juli 2021

Siste nytt:
I veke 27 startar med vaksinering av gruppe 10 som utgjer alderen 18-24 år og 40 - 44 år. Det er svært viktig at dei som vert oppringt svarar telefonen. 

Er du eldre enn 45 år og ikkje har fått tilbod om vaksine, er det truleg fordi vi ikkje har nådd gjennom på telefon til deg. Da kan du ta kontakt med legekontoret.
Det same gjeld om du meiner at du er i risikogruppe og skulle hatt vaksine raskare enn andre på din alder, kan du ringa til legekontoret for registrering av vaksineønsket. Legekontoret har telefon 56 16 82 00.

Om du meiner at du skal ha tilbod om vaksine samstundes med andre på din alder, kan du berre venta på at legekontoret tar kontakt for tilbod om vaksine.

Neste vaksinering vert onsdag 7. juli i Austrheimhallen. 

For vaksineringa 30. juni var det 120 nyvaksineringar, og 6 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 45-54 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 84 dosar.

 

Nasjonale tiltak frå 24. juni.

 Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Dei nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte torsdag 24. juni. Sett deg inn i desse reglane dersom du planlegg ei samling heime eller eit arrangement.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

 Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Det har ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte. Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper.

Har du lasta ned Smittestopp-appen?

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 09.07.2021
Publisert: 01.07.2021