HjemNyheterKorleis vert 17. mai?

Korleis vert 17. mai?

Den tradisjonelle feiringa av 17. mai i Austrheim er avlyst på grunn av korona-pandemien, så det vert ikkje folketog, leikar og samankomst på skule og samfunnshuset. Men ein skal framleis laga til ein festdag for små og store!

Kulturavdelinga og 17. mai-komiteane på Kaland og Årås har kikka litt på korleis ein kan få til ei kjekk feiring av nasjonaldagen- innanfor dei rammene som er gitt med tanke på smittevern. 

Noko endeleg program er ikkje klart, og så må ein også venta på den statlege rettleiaren for 17. mai-feiring, som er klar først tidleg i mai.  

Så langt er det planlagt med flagging frå alle flaggstenger, det vert salutt på morgonen, og det vert jobba med å få til både bil- og båtkortesje. Sjølvsagt skal det leggast ned krans ved minnesteinen i Leirvågen og ved Austrheim kyrkje, der elevar skal lesa dikt. 

Kyrkja planlegg si markering av nasjonaldagen, og 17. mai-komitéane ønskjer også å få til noko på ettermiddagen. Vidare er korpsa engasjerte, og har lov å ta del i 17. mai-feiringar med enkelte spesielle omsyn.

Noko av feiringa skal ein fotografera eller filma, og gjera det tilgjengeleg via nettsida til kommunen og på Facebook. Slik kan dei som ikkje får delta direkte, få med seg litt feiring heimefrå.

Så langt er det berre opp til enkelte å stryka flagget, legga isen i fryseboksen, øva inn "Ja, vil elsker", sjekka finstasen og etter kvart finna rett stemning for nasjonaldagen. Så kjem det meir info i starten av mai.


Sist oppdatert: 22.04.2020
Publisert: 22.04.2020