HjemNyheterKommunen sel tomt i Heiane/Blomhaugane

Kommunen sel tomt i Heiane/Blomhaugane

Austrheim kommune har for sal ei bustadtomt i Blomhaugane bustadfelt (Heianefeltet), gnr 156 bnr 299.
Publisert: 22.10.2024
Sist endra: 22.10.2024

Arealstorleik på tomta er 995,4 kvm, og den har utnyttingsgrad på 40 % BRA.

Området er regulert til boligbebyggelse/frittliggande småhusbebyggelse. Reguleringsplanen heiter ‘’Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen båthavn med utviding av bustadområde B 09’’, og har planid 2018001.

Denne planen er tilgjengeleg på nettsida Arealplaner.no, klikk her for å gå dit:

Tomta er flat, og består av grøntareal. Den er eigna til oppføring av eine- eller tomannsbustad.

Det er adkomst via kommunal veg. Kommunalt vatn og avlaup ligg like i nærleiken.

Det er kort avstand (2,6 km) til Austrheim kommunehus, Mastrevik Torg, lege, fysioterapi og liknande.

Barnehage, barneskule, ungdomskule, samt videregåande skule ligg innanfor 3 km.

Tomta har ein takst på kr 600 000,-, og vert seld for takst viss det er berre ein interessent. Viss det er fleire interessentar, vert det sett i gang ein budrunde.

For å melde di interesse, kan du sende e-post til alf.kvant@austrheim.kommune.no (merk med Tomt 156/299).

Har du spørsmål, kan du ringe Alf Kvant, tlf 56 16 21 43 eller mob 94 50 67 55.

Frist for å melde interesse er tysdag 05.11.2024 klokka 15:00.