HjemNyheterKommunen har jod til barn og unge

Kommunen har jod til barn og unge

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er det statlege organet som gjev råd om mellom anna behovet for å ha jodtablettar i beredskap.

Jod kan redusera risikoen for kreft dersom det skjer ei atomulukke, aktualisert ved at det per no er krig i eit land med atomkraftverk. Ved eit alvorlig atomulukke kan det bli gitt råd frå styresmaktene om å ta jod-tablettar. Spesielt kan eit slikt råd komma for barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Ved særs alvorlege ulukker kan også vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Austrheim kommune har talt opp beredskapslageret av jodtablettar, og har tilstrekkeleg til å gje til barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Dette vert lagra sentralt i kommunen, og vil bli distribuert dersom det blir aktuelt å gje ut jodtablettar.

Samlar inn samtykke frå foreldre

Det blir samla inn samtykke frå foreldre til barn i skule og barnehage, for at skulane og barnehagane kan gje borna jodtablettar i dei tilfelle der dette skulle bli tilrådd av styresmaktene.

Her er skjemaet som vert delt ut (klikk for å lesa PDF):

Det kan i spesielle tilfelle bli gitt råd også om 2. dose med jodtablettar, men dette blir det orientert om i alle offisielle kanalar. Det har ikkje førebyggande effekt å ta jod, så det har ikkje hensikt å ta dette før det blir gitt råd om å ta tablettane.

Kommunen vil sikra seg beredskapslager for å kunna gje også ein 2. dose til barn og unge under 18 år, gravide og ammande.

18-40 år må kjøpa jodtablettar på apotek

Dei mellom 18 og 40 år må sikra seg jodtablettar på eiga hand. Jamfør det som står over om 1. og evt. 2 dose, kan ein gjerne dela pakning med storfamilie og liknande. Slik kan ein sikra at flest mogleg av dei aktuelle har jodtablettar i beredskap.

Austrheim kommune har ikkje jodtablettar å tilby dei mellom 18 og 40 år.

Dei over 40 år treng ikkje å ta jodtablettar ved ei atomulukke, jamfør råda frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Om Direktoratet for strålevern og atomtryggleik

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er fag- og forvaltingsmyndigheit på områda strålevern, atomtryggleik og ikkje-spreiing, radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. 

DSA utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Du kan lesa om DSA sitt arbeid med atomtryggleik på denne lenka (klikk her / ekstern lenke):

Du kan lesa DSA sine svar om jodtablettar på denne sida (klikk her/ ekstern lenke):

Varslar utdeling med SMS

Dersom det vert aktuelt for Austrheim kommune å dela ut Jod-tablettar, vert det sendt ut SMS-varsel om dette til dei aktuelle målgruppene. Meldinga vil innehalda opplysningar om kvar og når ein kan henta jodtablettar.

Om ein hentar for andre i familien, må ein ta med seg dokumentasjon på kven ein hentar jodtablettar til.


Sist oppdatert: 08.04.2022
Publisert: 08.03.2022