HeimNyheterKommunehuset berre ope for dei som har avtale

Kommunehuset berre ope for dei som har avtale

Legekontoret er som før ope for dei som har time (pluss akuttoppdrag). Helsestasjonen er open for dei som har avtale.

For biblioteket er det også mogleg å bestilla bøker som vert sette i ei hente-hylle like innanfor inngangsdøra.

Skal du snakka med ein sakshandsamar i administrasjonen, så må du bestilla time på førehand.

Dette heng også saman med dei strenge nasjonale føringane om heimekontor, det er ikkje sikkert at den du skal snakka med er på kommunehuset.

Ønskjer du at Servicekontoret skal ta utskrift av kart eller liknande, så ring oss gjerne på førehand så kan du henta når det er klart. Kommunen sitt sentralbord når du på 56162000,

Dette gjeld fram til påskehelga.


Sist oppdatert: 24.03.2021
Publisert: 24.03.2021